Hjem
Utdanning
Masteremne

Befolkningsutvikling, økonomisk vekst og trygdesystemet

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeECON336
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Uregelrett

Mål og innhald

Kurset gir ei praktisk innføring i overlappande generasjonsmodellering, ved hjelp av rekneark. OLG-modellar gir eit rammeverk for å analysere konsekvensane av at fleire eldre mottek trygde-, pensjons- og helseytingar i framtida.

Tema:

Sosialforsikring

  • Introduksjon
  • Fondsbaserte system og løpande finansiering (pay-as-you-go)
  • Offentlig gjeld og løpande finansiering

Offentlig gjeld

  • Gjeld i ein OLG-modell
  • Offentlig gjeld og sosialforsikring
  • Kven betalar for auka gjeld?

Dynamisk insidens av ein skatt på kapital

  • Insidens i partiell og generell likevekt
  • Komparativ statisk analyse
  • Dynamisk analyse

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Kan gjere greie for viktige dynamiske makrosamanhengar og korleis desse kan handsamast ved hjelp av overlappande generasjonsmodellar.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan ta i bruk overlappande generasjonsmodellar og løyse slike modellar numerisk.

Krav til forkunnskapar

ECON210, ECON230

Tilrådde forkunnskapar

ECON243

Krav til studierett

Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og øvingar.

Det vil vere praktiske dataøvingar til kvar av delane i kurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen obligatoriske arbeidskrav

Vurderingsformer

Heimeoppgåve med karakter.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.