Nytte-kostnadsanalyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Nytte-kostnadsanalyse er eit analyseverktøy for allokering av knappe ressursar, og brukast for å vurdere lønsemd i store offentlige prosjekt innanfor samferdsel-, miljø-, og helsesektoren, samt vurdering av offentlige tiltak innanfor turisme, bistand, distriktsutvikling, og offentlige etatar. Formålet med kurset er å gi ei grunnleggande innføring i nytte-kostnadsanalyse, kor det blir fokus både på teori og empiriske analysar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om korleis mikroøkonomisk teori kan brukast for å vurdere kostnader, betalingsvillighet og velferd
  • har kunnskap om det normative grunnlaget for nytte-kostnadsanalyser og korleis nytte-kostnadsanalyse er relatert til samfunnsøkonomisk effektivitet og fordeling
  • kjenner til sentrale omgrep som diskontering, usikkerhet, risiko, dobbeltelling, indirekte metodar, beslutningstre, skyggepriser, sant stega og prosessen med å gjennomføre ein nytte-kostnadsanalyse
  • har kunnskap om ulike metodar for å måle nytte og velferd, innsamling av relevante data og estimering av betalingsvillighet og andre størrelsar som inngår i en nytte-kostnadsanalyse
  • har kunnskap om styrker og svakheter med nytte-kostnadsanalyse som grunnlag for offentlege avgjerder

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og forholda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og litteratur på fagområdet nytte-kostnadsanalyser
  • kan anvende informasjonskjelder til å strukturere og formulere faglige resonnement på fagområdet
  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysning og knyte saman teori og empiri på fagområdet
  • kan gjennomføre en sjølvstendig nytte-kostnadsanalyse med utgangspunkt i tilgjengelige data
  • kan kritisk vurdere styrker og svakheter i eksisterande nytte-kostnadsanalyser

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheter på nye områder for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt knyta til nytte-kostnadsanalyser
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherska fagområdets uttrykksformer
  • kan kommunisere om faglige problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialister og til allmennheten
  • kan arbeide sjølvstendig og organisere og planlegge eige arbeid innanfor gitte fristar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Ujamnt
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og integrert master i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør). Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Modulbasert undervisning med undervisningsdagar med ulike tema, rettleiing og presentasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Munnleg presentasjon av oppgåveinnleveringar.

Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering med samla karaktervurdering basert på:

  • Skriftleg oppgåveinnlevering og PowerPoint-presentasjon i forbindelse med munnleg presentasjon (30%)
  • Skriftleg oppgåveinnlevering (20%)
  • Tilbakemeldingsrapport for ein annan si oppgåve (10%)
  • Heimeeksamen, 7 dagar (40%)

Oppgåvene og presentasjonane kan gjerast åleine eller i grupper etter avtale med emneansvarleg. Heimeeksamen må gjerast individuelt.

I den samla vurderinga blir det lagt vekt på progresjon.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no.

Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.