Hjem
Utdanning
Masteremne

Empirisk forskingsdesign

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeECON343
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Uregelmessig

Mål og innhald

Studentane vil bli presenterte for ulike tema, ca. 6 i løpet av kurset. Tema kjem i stor grad til å avspegla forskingsaktiviteten til forelesarane, men vil kunna variera frå semester til semester. Kurset vil vera oppbygd slik:
1) Forelesing
- Temaet blir belyst ut frå økonomisk og økonometrisk teori.
- Studentane blir presentert for data: korleis desse kan leggjast til rette i programpakken Stata og - først og fremst - korleis dei kan brukast til å laga modellar som testar ut hypotesar avleidde frå teorien
- I løpet av dei to vekene til neste temaforelesing skal studentane sjølve arbeida med teori, data og design
2) Studentpressentasjonar
- Studentane, einskildvis eller i grupper på 2-3, presenterer og diskuterer arbeid med gitt tema.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Ferdigheiter

Kandidaten kan ...

  • sjølvstendig belyse aktuelle forskingstema både teoretisk og empirisk.
  • bringe eit forskingstema frå teoriplanet til ein gjennomført empirisk analyse.
  • gjere greie for formelle og praktiske sider ved økonometrisk modellering
  • utnytte empiriske data og gjennomføre avanserte analyser på ulike datasett som tverrsnittsdata, paneldata og tidsseriedata.
  • bruka programpakken Stata til økonometriske analyser.

 

Kompetanse

Kandidaten skal ...

  • kritisk kunne drøfte analysefunn og sette resultata inn i et samfunnsøkonomisk perspektiv.
  • kunne lese og forstå rapportar og tidsskriftsartiklar knytt til dei tema som har vore gjennomgått i kurset
  • kunne nytte kursinnhaldet i eige akademisk arbeid, ikkje minst i skriving av masteroppgåva.

Krav til forkunnskapar

ECON340

Krav til studierett

Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar, med kombinasjon forelesing og studentpresentasjonar.

Samlingar ca. kvar 2. veke, med kombinasjonen 3 timar forelsing og 3 timars presentasjonar

3 timar i gjennomsnitt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske presentasjonar til kvart tema.

Godkjent obligatorisk arbeidskrav er berre gyldig inneverande semester.

Vurderingsformer

14 dagars heimeeksamen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emner ved Insitutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Institutt

Institutt for økonomi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no