Samfunnsøkonomisk idéhistorie
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeECON350
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Ujamt
Mål og innhald
Emnet gir ei brei innføring i korleis moderne samfunnsøkonomi har utvikla seg frå opplysningstida til midt på det 20. hundreåret. Sentrale tema er utviklinga av ulike syn på prisdanning og verdivurdering, relasjonen mellom marknad og stat og mellom individ og samfunn. Emnet vil òg ta opp ulike normative syn på kva som kjenneteiknar eit godt samfunn og rettvis fordeling av ressursar.
Det breie historiske oversynet er baset på sekundærlitteratur (Agnar Sandmo (2006). Samfunnsøkonomi - En idéhistorie. Oslo: Universitetsforlaget. Boka er òg omsett til engelsk med tittelen Evolving Economics - A history of Economic Thought.) I tillegg skal studentane fordjupe seg i utvalde originaltekstar og skriva eit essay med kritisk vurdering av tekstane.
Emnet skal gi kunnskap og kompetanse slik at studentane kan forstå bakgrunnen for ulike posisjonar i debattar om økonomisk politikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
- har brei kunnskap om ulike syn på prisdanning og verdivurdering, relasjonen mellom marknad og stat og mellom individ og samfunn.
- har brei kunnskap om ulike normative syn på kva som kjenneteiknar eit godt samfunn og rettvis fordeling av ressursar.
- har spesialisert kunnskap til utvalde originaltekstar som står sentralt i den samfunnsøkonomiske idéhistoria.
- forstår at samfunnsøkonomiske analysar, innsikter og resonnement er i utvikling, og knapt nok kan ventast å bli avslutta og ferdig.
Ferdigheiter
Studenten ..
- har grunnlag for å delta i ein fagleg debatt om økonomisk organisering av samfunnet.
Generell kompetanse
Studenten ..
- kan formidle sentrale normative posisjonar i avveging mellom effektivitet og rettferdig ressursfordeling.
- har ein brei bakgrunn for å vurdera framlegg til økonomisk politikk.
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør) og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppgåve.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Heimeeksamen 3 veker
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontakt
Institutt for økonomi