Samfunnsøkonomisk idéhistorie

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei brei innføring i korleis moderne samfunnsøkonomi har utvikla seg frå opplysningstida til midt på det 20. hundreåret. Sentrale tema er utviklinga av ulike syn på prisdanning og verdivurdering, relasjonen mellom marknad og stat og mellom individ og samfunn. Emnet vil òg ta opp ulike normative syn på kva som kjenneteiknar eit godt samfunn og rettvis fordeling av ressursar.

Det breie historiske oversynet er baset på sekundærlitteratur (Agnar Sandmo (2006). Samfunnsøkonomi - En idéhistorie. Oslo: Universitetsforlaget. Boka er òg omsett til engelsk med tittelen Evolving Economics - A history of Economic Thought.) I tillegg skal studentane fordjupe seg i utvalde originaltekstar og skriva eit essay med kritisk vurdering av tekstane.

Emnet skal gi kunnskap og kompetanse slik at studentane kan forstå bakgrunnen for ulike posisjonar i debattar om økonomisk politikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

  • har brei kunnskap om ulike syn på prisdanning og verdivurdering, relasjonen mellom marknad og stat og mellom individ og samfunn.
  • har brei kunnskap om ulike normative syn på kva som kjenneteiknar eit godt samfunn og rettvis fordeling av ressursar.
  • har spesialisert kunnskap til utvalde originaltekstar som står sentralt i den samfunnsøkonomiske idéhistoria.
  • forstår at samfunnsøkonomiske analysar, innsikter og resonnement er i utvikling, og knapt nok kan ventast å bli avslutta og ferdig.

Ferdigheiter

Studenten ..

  • har grunnlag for å delta i ein fagleg debatt om økonomisk organisering av samfunnet.

Generell kompetanse

Studenten ..

  • kan formidle sentrale normative posisjonar i avveging mellom effektivitet og rettferdig ressursfordeling.
  • har ein brei bakgrunn for å vurdera framlegg til økonomisk politikk.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Ujamt
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør) og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppgåve.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Heimeeksamen 3 veker

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.