Marknad og moral
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeECON351
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Ujamt
Mål og innhald
«Grådighet er bra» seier den fiktive Gordon Gecko i filmen Wall Steet (1987). Kapitalismen bygger på "botnlaus grådigheit" hevda Karl Marx. Er det slik at marknader dyrkar og forsterkar det sjølvkjære i oss og undergrev det sosiale mellom oss? At marknader føreset, fremmer og legitimerer egoistisk åtferd?
Nei, svarer Adam Smith, grunnleggaren av faget samfunnsøkonomi, på alle spørsmåla. Marknader verken føreset, fremmer eller legitimerer egoistisk åtferd. For Smith er marknader, i tillegg til å byta varer og tenester, ein sosialiserande og siviliserande prosess. For å lykkast i marknader må vi òg retta søkelys på andres behov og ønsker, ikkje berre eigne.
I det nyklassisk økonomifaget blir ofte marknader og moral vurdert som fråkopla. Korleis moral heng saman med marknader ligg utanfor økonomifaget. Men for Adam Smith stod moral sentralt marknadsprosessen. For å forstå Smiths samanheng mellom moral og marknader vil sentrale tekstar i dette kurset vera delar av Smiths to bøker: The Theory of Moral Sentiments (TMS) som handlar om korleis vi menneske moralsk dømer andre og oss sjølv. . An Inquiry into theNature and Causes of Wealth of Nations (WN) tar for seg Smiths marknadsteori.
Eit av måla er at studentane skal kunne forstå dei historiske røtene til faget samfunnsøkonomi. Å studere Smith sine originale tekstar er openbert interessant i seg sjølv. Men Smiths teoriar er framleis svært relevant, og eit anna viktig hovudmål er at studentane skal læra å bruka Smiths moral- og marknadsteoriar til å analyser aktuelle tema.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om Smith sin marknadsteori i WN og hans moralteori i TMS
- har spesialisert kunnskap til utvalde tekstar i Smiths marknadsteorier og moralteoriar
- har kunnskap om forskjellen i klassisk og nyklassisk økonomisk teori.
Ferdigheiter
- Studenten har grunnlag til å delta i ein fagleg debatt om klassisk økonomi plass i økonomifaget til å kunne nytta klassisk økonomi på aktuelle tema.
Generell kompetanse
- Studenten skal kunne formidla sentrale delar av Smith sin marknads- og moralteori.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør). Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium isamfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet. Studentar på masternivå på andre samfunnsfag og humaniora kan også søkja om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, seminar og individuelle vegleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk arbeidskrav.
Studentane skal leggje fram ei vitskapleg tekst på eit seminar. Framlegginga kan være individuell eller i ei gruppe på opptil 3 studentar.
Vurderingsformer
Mappevurdering med samla karaktervurdering basert på tre oppgåver. I vurderingane teller dei to fyrste oppgåvene 25 prosent og den tredje teller 50 prosent:
Oppgåve 1 (25 prosent)
Oppgåve 2 (25 prosent)
Oppgåve 3 (50 prosent)
Oppgåvene kan skrivast alene eller i ei gruppe på maks 3 studentar. Oppgåvene kan leverast skriftleg eller som akademisk pod-cast. I den samla vurderinga vert det lagt vekt på progresjon.
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Institutt for økonomi