Strategisk bedriftsåtferd og marknadsmakt
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeECON360
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Ujamt
Mål og innhald
Kurset gir ei oversikt over teoriar for oligopol og lærer studentane korleis de skal analysere og anvende viktige spillteoretiske modeller for strategisk interaksjon i marknader med imperfekt konkurranse.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten har kunnskap om...
- Dei grunnleggjande formene av ufullkommen konkurranse, både i eit statisk og dynamisk perspektiv
- Årsakar til, og effektar av, endringar i marknadsstruktur - til dømes som følgje av etablering, utestenging eller fusjon
- Korleis asymmetrisk informasjon og usikkerheit kan påverke bedrifters strategiske åtferd og tilpassing
- Bedrifter sine val av investering i ulike situasjonar, til dømes i forsking og utvikling, produkteigenskapar eller marknadsføring
- Vertikale avtaler og vertikale bindingar, og den konkurransepolitiske handsaminga av desse
Ferdigheiter
Kandidaten...
- Kan tileigne seg analytiske ferdigheter for å modellere imperfekt konkurranse
- Kan lage og løyse enkle modeller for imperfekt konkurranse eigna til å analysere konkrete og verkelege konkurransepolitiske problemstillingar
Kompetanse
Kandidaten...
- Kan lese og forstå forskingsrapportar og vitskaplege artiklar som nytter omgrep og metodar undervist i kurset
- Kan nytte kunnskapen i kurset i eige akademisk arbeid, til dømes i forbindelse med masteroppgåva i samfunnsøkonomi.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Fullt overlapp med ECON365
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
18 førelesningar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent innleveringsoppgåve.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontakt
Institutt for økonomi
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen
- Dato
- 15.12.2022, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 01.12.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen