Hjem
Studentsider
Masteremne

Forberedelsesemne for masteroppgåva

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeECON380
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Dette emnet består av seminar og individuell rettleiing der målet er individuell utvikling av prosjektplan for mastergradsoppgåva. Dette består i å formulera ei problemstilling og laga ein plan for korleis denne kan undersøkjast teoretisk og/eller empirisk ved å trekkja inn relevant teori og gå gjennom sentral litteratur på feltet. For empiriske studiar må det gjerast greie for datakjelder og korleis data kan bli lagt til rette for analyse. I seminardelen blir det gitt ei kort orientering om kjeldebruk, litteratursøk og akademisk skriving.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Har kunnskap om relevante datakjelder og korleis data kan leggjast til rette for analyse.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan formulera forskingsproblem og trekkje inn og nytte relevant teori og forskingslitteratur som del av ei analytisk tilnærming til problemet.
  • Kan presentera og gjere greie for ein prosjektplan som dannar grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva.

Kompetanse

Kandidaten...

  • Har kompetanse i kritisk kjeldebruk, bruk av referansar og litteratursøk.

Krav til studierett

Berre for studentar på master- eller profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi. Prosjektskisse må sendast til studierettleiar ved instituttet innan 1. juni. Alle som får godkjent skissa si, blir automatisk oppmeldt til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminarer og individuell rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Ei prosjektskildring utforma med individuell rettleiing. Prosjektskildringa skal presenterast i plenum og godkjennast av ein komité med to medlemmer inkludert rettleiar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontakt

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no