Hjem
Studentsider
Masteremne

Multimodal billeddiagnostikk i endokrin hals

  • Studiepoeng1
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeEEMED302
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

1 studiepoeng. Elektivt e-kurs på ca. 30 timer.

Studienivå (studiesyklus)

Masterstudiet.

Undervisningssemester

8. - 12. semester  

Undervisningsstad

E-kurs på https://mitt.uib.no

Mål og innhald

Mål:

  • Grunnleggande kompetanse i å utføra og tolka ultralyd av halsen ved skjoldbruskkjertelsjukdommar og avklaring av forhøgde bikjertelhormon
  • Kunnskap om dei viktigaste sjukdommane i skjoldbruksskjertel, bikjertlene og spyttkjertlar

Innhold:

  • Klassifikasjon av skjoldbruskkjertelknutar (ACR-TIRADS), finnålsbiopsi
  • Betennelse i skjoldbruskkjertel (thyreoiditt)
  • Benigne og maligne lymfeknutar
  • Lokalisasjonsdiagnostikk av bikjertler
  • Forandringer i spyttkjertlane
  • Oppflølgning av thyreoideacancer
  • Thyreoideasscintigrafi
  • Parathyreoideascintigrafi inkl. [11C]metionin-PET
  • Radiojodbehandling

Læringsutbyte

Studenten skal ha følgjande læringsutbyte etter endt kurs:

Kunnskapar

Studenten ..

  • har god kunnskap om bruk av ultralyd i halsen
  • ha kunnskap om supplementære billeddiagnostiske modalitene (m.a. scintigrafi, CT, PET) i halsen
  • ha kunnskap om dei vanlege sjukdomstilstandane i skjoldbruskkjertlen, i bikjertlene og i spyttkjertlane

Ferdigheter

Studenten ..

  • kan utføra ei systematisk ultralydundersøking av halsen
  • kan tolka vanlege funn ved ultralyd i halsen
  • kan klassifisera skjoldbruskkjertelknutar etter ACR-TIRADS
  • kan gi konstruktiv tilbakemelding til kollegaer

Generell kompetanse

Studenten ..

  • forstår korleis klinikk saman med billeddiagnostikk bestemmer val av behandlinga
  • forstår i kva grad protokollane for utgreiing og behandling av pasienten er basert på kliniske studiar

Krav til forkunnskapar

Fullført dei tre første åra av medisinstudiet

Tilrådde forkunnskapar

Nukleærmedisin (MED5), onkologi (MED8)

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

Medisinstudiet 4.-6. studieår

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset er eit reint e-kurs beståande av nettforelesninger på internett og dessutan øvingsoppgåver på e-læringssystemet. Fleire oppgåver føreset tilgang til den nasjonale billeddatabasen i nukleærmedisin via Norsk helsenett (ikkje tilgjengeleg via internett).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennomgang av nettforelesningene. Ta oppgåvene i e-læringssystemet

Vurderingsformer

Oppgåvene i e-læringssystemet må beståast med i minst 80 % av poengsum. Det er ingen begrensing på talet på forsøk, men etter kvart forsøk er deltakaren "sperra ut" frå oppgåva i ein kort refraktærperiode.

Hjelpemiddel til eksamen

Det er ingen eksamen, bortsett for at du må etter kvart løysa alle oppgåvene i e-læringssystemet.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Høst og vår

Litteraturliste

  1. Brauckhoff K, Biermann M. Multimodal imaging of thyroid cancer. Current Opinion in Endocrinology, Diabetes & Obesity. 2020 Oct;27(5):335-44.
  2. Itani M, Middleton WD. Parathyroid Imaging. Radiol Clin North Am. 2020 Nov;58(6):1071-83.

Emneevaluering

Alle kursdeltakarane blir bedne om å delta på anonym spørjeundersøking ved avslutta kurs, der det blir målt i kva grad deltakaren var fornøgde og der delagerne kan legga inn kommentarar i fritekst. Tilbakemeldingane frå brukarane blir etter kvart gjennomgåtte semester.

Programansvarleg

Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

elektiv.med@uib.no

Eksamensinformasjon