Hjem
Utdanning
Masteremne

Dyreassistert terapi og assistanse

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED204
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, men med en majoritet av engelsk litteratur
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår, de to første ukene av den elektive perioden. Den elektive perioden er de fire første ukene av vårsemesteret.

Mål og innhald

Studenten skal tileigne seg kunnskap om dyreassistert terapi (Animal assisted therapy = AAT) og dyreassisterte aktiviteter (AAA). Eksempel på dyreassistert terapi omfattar blant anna terapiriding for funksjonshemma, servicehundar som førarhund for blinde, dyr som inngår i rehabilitering innan rus, aktiviteter med dyr for å en meir fysisk aktiv livsstil, psykiatri, geriatri, dyr i institusjon, mot einsemd mm. For personer som har vanskar med å inngå mellommenneskelege relasjonar kan dyr fungere som ein fasilitator. Arbeid og kontakt med dyr gjev glede og meistring og ein utvikler empati og evnen til å ta ansvar for andre levande vesen. Kurset gjev en introduksjon til fagfeltet, forsking og metoder, kunnskap om bruk av AAT/AAA som terapiformer, diagnoser og valg av behandling/valg av dyreart og aktiviteter, begrensninger og ansvar, økonomi og lønnsemd. Dyreassistert terapi er et forholdsvis nytt behandlingsalternativ i Norge. Det er fleire interessentar som kan ønskje å ha eigarskap til dette og. Det er derfor viktig at helsepersonell har kunnskap til å skilje seriøse aktørar frå andre idealistiske føretak. Til dette høyrer og kjennskap til forsking som underbygg effekten av dyreassistert terapi. Det vil også bli undervist i human-Animal Bond (HAB) som aukar forståinga for dyrevelferd og velferd for folk både i terapisamanheng og i situasjonar der blant anna eigar blir sjuk og ikkje kan ivareta dyra tilstrekkeleg.

Emnet skal formidle forståing for korleis dyreassistert terapi kan inngå som et behandlingsalternativ eller del av ei behandling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner og kan beskrive ulike former for dyre-assistert terapi
  • Kjenner til korleis dyre-assistert terapi kan fungere som behandling eller supplement til annen behandling
  • Kan gjere greie for mogligheiter, avgrensingar og utfordringar
  • Kjenner til etiske problemstillingar rundt dyreassistert terapi
  • Kjenner til forsking og metodar innan fagfeltet

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan rettleie og rekvirere pasientar til eit seriøst opplegg for dyreassistert terapi som behandling eller supplement til anna behandling
  • Kan utarbeide skisse til forskingsprosjekt innan fagfeltet

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan diskutere dyreassistert terapi som komplementerande behandling til medikamentell behandling
  • Kan vurdere kunnskap frå forsking i evaluering av dyreassisterte behandlingsstrategiar

Krav til studierett

Medisinstudiet. Emnet er også åpent for andre studentgrupper med relevant studiebakgrunn, merk at medisinstudenter har førsteprioritet. Studenter fra andre studieretninger må søke hospitantopptak:

 www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett

http://www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

  • Forelesningar
  • Feltbesøk til bedrifter som driv tiltak
  • Møte med brukarar av dyreassistert terapi
  • Møte med leiarar av dyreassistert terapi
  • Lese litteratur
  • Arbeid med gruppeoppgåver (3-5 personer) m/presentasjon og diskusjon

Vær merksamd på at kontakt med dyr inngår i undervisningsopplegget.

Antall deltakarar:
Minimum: 4
Maksimum: 20

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i undervisninga. Gruppeoppgåver må være godkjent.

Problembasert læring som arbeidsform blir nytta ved gruppeoppgåver. Den gjev moglegheit til å sjå fleire sider av problemstillingane/kasuistikkane då fleire studentar jobbar samen. Dei lærer å presentere et stoff og å utvikle kommunikasjonsferdigheiter som er viktige å ha i eit tverrfagleg fagfelt der aktørar (inkludert dyr) og pasientar har forskjellig kunnskap, kunnskapsnivå og ferdigheiter. Gruppeoppgåvene vil være relatert til besøk i bedrifter som driv med AAT/AAA.

Vurderingsformer

  • Presentasjon av gruppeoppgåver
  • Deltaking i diskusjon av gruppeoppgåver

Arbeidskrava må være bestått.

Gruppeoppgåve i form av presentasjon i plenum må være bestått.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Emneevaluering

Etter første og andre gong kurset går og sidan kvart 3.år

Emneansvarleg

Klinisk institutt 1 v/Aurora Brønstad

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 1

Kontakt

Kontaktinformasjon

Klinisk institutt 1: studie@kliniskmedisin.uib.no