Hjem
Studentsider
Masteremne

Personorientert behandling

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED211
  • Talet på semester1
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår, elektiv periode er i januar.

Mål og innhald

Kurset gir innføring i konsultasjonsferdigheiter i situasjonar der legen ikkje kan påvise objektive sjukdomsteikn trass i at pasienten har plagsame symptom og funksjonstap. Slik sjukelegheit er utbreidd i vårt samfunn. Kurset viser korleis langvarige utreiingar og leiting etter biomedisinske diagnosar i visse tilfelle er fåfengde og skadelege for pasientane.

Kurset er klinisk retta med fokus på kompetanse som er nødvendig i møte med pasientar med subjektive lidingar og for å handtere dei etiske og kunnskapsmessige utfordringane som oppstår i slike tilfelle. Dei kliniske øvingane vil vere tilpassa studentar på ulike nivå i legeutdanninga.

Sentrale tema i kurset:

  • Samanhengen mellom psykisk og somatisk uhelse.
  • Epidemiologisk forsking og teori om subjektive plager.
  • Medisinsk grunnlagsteori om sjukdom som objektivt påviseleg patologi (essensialisme) eller subjektivt funksjonstap (funksjonalisme) og om diagnostikk i grenselandet mellom biologi og biografi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studenten skal ha kunnskap om kva subjektive lidingar er og korleis slike plager kan arte seg.
  • Studenten skal ha kunnskap om kva tyding subjektive lidingar har for sjukelegheit, dødelegheit og funksjonstap.
  • Studenten skal vite skilnad på medisinsk «essensialisme» og medisinsk «funksjonalisme», samt vite når kvar av disse to tilnærmingane kan brukast i medisinsk praksis.

Ferdigheiter

  • Studenten skal ha grunnleggjande ferdigheiter i forskjellige teknikkar som fremjar pasientane sin funksjon og pasientane si meistring i situasjonen dei er i.
  • Studenten skal meistre respektfulle måtar å nærme seg pasientar på i situasjonar der forventningane deira om helse og helsehjelp kan vere skadelege for dei sjølve.

Generell kompetanse

  • Studenten skal ha eit medvite tilhøve til etiske og kunnskapsmessige dilemma knytte til overdiagnostikk og andre skadeverknader av helsetenester.
  • Studenten skal har tileigna seg ein måte å opptre på klinisk som er prega av (sjølv)respekt og (sjølv)medkjensle.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Praktisk og teoretisk kunnskap innan følgjande fag vil vere relevant: medisinsk etikk, filosofi, samfunnsvitskap, folkehelse, psykologi, pasientsentrert klinisk metode.

Krav til studierett

Medisinstudiet 3.-6. år

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Korte videofilmar som viser kliniske vignettar (pasienthistorier) og legar som demonstrerer ulike tilnærmingar.

Kliniske øvingar, m.a. baserte på vignettane.

Forelesingar, gruppearbeid, litteraturstudium og studentpresentasjonar.

Deltakar:

Minimum: 8

Maksimum: 20

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på minimum 75% av undervisninga (6 av 8 undervisningsdagar).

Deltaking i gruppearbeid og praktiske kliniske øvingar.

Presentasjon av tema for innleveringsoppgåva i gruppa og innlevering av skisse til skriftleg oppgåve. Skissa må godkjennast av faglærar før studentane kan levere endeleg oppgåve.

Parvis eller gruppevis presentasjon av delar av kurslitteraturen for gruppa.

Vurderingsformer

Presentasjon av innleveringsoppgåva siste undervisningsdag.

Skriftleg oppgåve. Oppgåva skal som hovudregel skrivast av to studentar i samarbeid.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Anna kvart år

Programansvarleg

Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Førsteamanuensis Stefán Hjörleifsson og professor Eivind Meland

Administrativt ansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

studie@igs.uib.no