Hjem

Utdanning

Masteremne

Innføring i anestesi til kirurgiske pasientar

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED214
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk (Dersom ikkje-norskspråklege deltakarar på kurset, kan kurset haldast på engelsk).
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår (dei to fyrste vekene av elektiv periode)

Mål og innhald

Emnet skal gi ei innføring i faget anestesi til kirurgiske pasientar med grunnleggande teoretisk undervisning og gjennomføring av praktiske prosedyrar utført ved simulering og på operasjonstue med pasientar.

Emnet har som mål

  • å gje ein innføring i kva anestesi til kirurgiske pasientar inneber
  • å gje ein innføring i oversikt over val av utstyr og medikament for gjennomføring av anestesi
  • å gjere ein gjennomgang i preoperativ planlegging av, gjennomføring av anestesi på operasjonsstue og postoperativ oppfølging etter avsluttet kirurgi, inkludert en risikovurdering (ASA) før gjennomføring for ein pasient
  • å gje en gjennomgang av risiko og pasientsikkerhet knytt til anestesi
  • å gje grunnleggande praktisk innføring i nokon vanlege anestesi prosedyrar
  • å gje kvar student høve til å følgje ein pasient gjennom ein heil operasjon frå planlegging og til avslutning

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande

læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

KUNNSKAPAR

  • Har grunnleggande kunnskap om
    • anestesi til kirurgiske pasientar
    • val av medikament og utstyr til anestesi
    • risikovurdering (ASA)
    • behov for pre operative undersøkingar og forbehandling
  • Forstår grunnleggande prinsipp for anestesi til kirurgiske pasientar

FERDIGHEITER

  • Har gjennomført
    • Oppsetting og vurdering av pasient-monitorering
    • Legging av venekanyle på manikin og pasient
    • Oppsetting av en intravenøs infusjon
    • Larynxmaske, utført på manikin og v/pasientdemo
    • Intubasjon, utført på manikin og v/pasientdemo

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Medisinstudiet

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet består av førelesingar, tid på operasjonsstue , gruppearbeid (teambasert og casebasert læring) og simulator-/manikintrening.
Førelesingar (inkludert kursprøve): 20 timar
På operasjonstue: 8 timar
Gruppearbeid (inkludert presentasjonar) : 10 timar
Simulator-/mankintrening: 8 timar
Sjølvstudium og eigne førebuingar til gruppearbeid og simulatortrening kjem i tillegg.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar.
På operasjonstue.
Gruppearbeid (inkl presentasjonar).
Simulator-/mankintrening.

Tal på deltakarar:
Minimum: 5
Maksimum: 10

Vurderingsformer

Frammøte på obligatorisk undervising/trening

Kursprøve (fleirvalgstest)

Litteraturliste

Tekstbok:
Ræder, Johan: Anestesiologi En innføringsbok. 2. utg. 254 s
m/ett kapittel om Intensivmedisin av Hans Flaatten
Oslo: Gyldendal Akademisk, 2016.
ISBN 978-82-05-49472-5

Emneansvarleg

Eirik Søfteland, Professor/Seksjonsoverlege
Klinisk Institutt 1, Medisinsk Fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

info@mofa.uib.no

Tlf 55 58 64 00

Eksamensinformasjon