Teoretisk innføring i medisinsk pedagogikk
- Studiepoeng3
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeELMED218A
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Vår
Emnet gjennomførast i dei to fyrste vekene i semesteret.
Mål og innhald
Emnet har som mål å sette studentane i stand til å gå inn i ulike undervisnings- og rettleieroppgåver retta mot andre studentar og anna helsepersonell. Emnet gir ei teoretisk innføring i sentrale pedagogiske prinsipp og omhandlar tema som læring, medisinsk didaktikk, ulike undervisningsformer brukt i helsefaga, undervisningsplanlegging og vurdering.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har basiskunnskapar om kva læring er og korleis ein kan legge til rette for læring hos andre
- har kjennskap til og trening i bruk av modeller for planlegging av undervisning
- har kjennskap til varierte undervisnings- og vurderingsformar og korleis dei påverkar studentars læring og studieåtferd
Ferdigheiter
Studenten:
- beherskar varierte virkemedel for å gi tilbakemelding
- kan lese og forstå faglitteratur knytt til undervisning
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Medisinstudiet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Emnet er bygd opp som eit innføringsemne med valfri oppfølging av ein periode med praktiske undervisningsoppgåver (ELMED218B Medisinsk pedagogisk praksis).
I den teoretiske innføringa vil studentane arbeide både sjølvstendig og i grupper. Det vil bli brukt korte introduksjonar/forelesninger, gruppearbeid, casediskusjonar og studentpresentasjonar som undervisningsformer. Studentane vil bli gitt oppgåver mellom timeplanfesta undervising.
Emnet går over 2 veker.
Tal på deltakarar (studentar)
Minimum: 8
Maksimum: 25
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte i undervisninga (80%).
Vurderingsformer
Deltatt/ bestått basert på frammøte og deltaking
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Fagleg overlapp
ELMED218 Innføring i medisinsk pedagogikk
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Kontakt
Tlf: 55 58 64 00
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Deltatt
- Trekkfrist
- 01.02.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen