Innføring i medisinsk pedagogikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å sette studentane i stand til å gå inn i ulike undervisnings- og rettleieroppgåver retta mot andre studentar og anna helsepersonell. Emnet gir ei innføring i sentrale pedagogiske prinsipp og omhandlar tema som læring, medisinsk didaktikk, ulike undervisningsformer brukt i helsefaga, undervisningsplanlegging, evaluering og vurdering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har basiskunnskapar om kva læring er og korleis ein kan legge til rette for læring hos andre
  • har kjennskap til varierte undervisnings- og vurderingsformar og korleis dei påverkar studentars læring og studieåtferd
  • har kjennskap til og trening i planlegging av undervisning

Ferdigheiter

Studenten:

  • beherskar ulike aktiverande undervisningsformer
  • beherskar varierte virkemedel for å gi tilbakemelding
  • kan lese og forstå faglitteratur knytt til undervisning
  • har eit aktivt forhald til si eiga læring

Studiepoeng, omfang

3

Studienivå (studiesyklus)

Master / profesjon

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
ELMED218 Innføring i medisinsk pedagogikk
Krav til studierett

Medisinstudiet

Master i klinisk ernæring

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er bygd opp som eit innføringsemne med valfri oppfølging (ELMED218B Medisinsk pedagogisk praksis).

I dette emnet vil studentane arbeide både sjølvstendig og i grupper. Det vil bli brukt korte introduksjonar/forelesninger,seminar, gruppearbeid, casediskusjonar og studentpresentasjonar som undervisningsformer. Det vil bli lagt vekt på å modellere aktiv undervisning. Studentane vil bli gitt oppgåver mellom timeplanfesta undervising.

Emnet går over 2 veker.

Tal på deltakarar (studentar)

Minimum: 8

Maksimum: 25

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte i undervisninga (80%).
Vurderingsformer
Deltatt/ bestått basert på frammøte og deltaking
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet evaluerast i tråd med UiB sitt kvalitetssystem for utdanning
Programansvarleg
Programutvalg for medisin
Emneansvarleg
Knut Eirik Ringheim Eliassen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Administrativt ansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin