Medisinsk pedagogisk praksis
- Studiepoeng3
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeELMED218B
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Emnet tilbys for tiden ikke.
Vår
Emnet strekker seg gjennom heile semesteret
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi studentane trening i å planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogiske oppgåver retta mot helsefagleg utdanning. Dei praktiske oppgåvene kan vere undervisnings- og rettleieroppgåver, utviklingsoppgåver, arbeid med vurdering eller anna form for pedagogisk tilrettelegging. Emnet bygger på en teoretisk innføring i medisinsk pedagogikk (ELMED218A Teoretisk innføring i medisinsk pedagogikk).
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskapar om korleis ein planlegger og legg til rette for læring hos ulike målgrupper
- kan greia ut om korleis ein pedagogisk intervensjon bidrar til læring og til mulig andre konsekvensar av intervensjonen
- har kjennskap til ulike rammer som er med å påverke opplæring
Ferdigheiter
Studenten:
- kan planlegge og gjennomføre ei avgrensa pedagogisk oppgåve med målgruppas læring for øye
- kan opptre i ulike pedagogiske roller som undervisar, rettleier, vurderar eller lignande
- kan gjere kloke val og ta i bruk varierte virkemedel i rettleiing og undervisning
Generell kompetanse
Studenten:
- kjenner til styrker og svakheiter ved eigen undervisningsrolle
- kan samarbeide om å løyse pedagogiske oppgåver i lag med andre
Krav til forkunnskapar
Må ha gjennomført ELMED218A Teoretisk innføring i medisinsk pedagogikk, same studieår eller seinest året før.
Krav til studierett
Medisinstudiet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
I emnet gis studentane praktisk erfaring i rolla som undervisar eller pedagog. Emnet er bygd opp som ei vidareføring av emnet ELMED218A ¿ Teoretisk innføring i medisinsk pedagogikk. I praksisemnet vil studentane, så lang rå er, jobbe saman i mindre grupper for å løyse realistisk pedagogiske oppgåver.
Undervisningsoppdraga kan variere fra år til år, men oppgåvane vil være avgrensa som til dømes å lage og gjennomføre ei studentdreven trenings-OSCE for medstudenter, utvikling av digitale undervisingsressursar, lærerassistent, eller underviser i ulike samanheng.
Alle praksisgrupper vil bli tildelt ein rettleier.
Praksisprosjektene vil kunne strekke seg i tid over store deler av vårsemesteret og studentane må regne med å sette av tid til dette i tillegg til ordinær studieprogresjon.
Tal på deltakarar (studentar)
Minimum: 8
Maksimum: 25
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Fagleg overlapp
ELMED218 Innføring i medisinsk pedagogikk
Vurderingssemester
vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Kontakt
Tlf: 55 58 64 00