Hjem
Studentsider
Masteremne

Medisinsk pedagogisk praksis

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED218B
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår

Emnet strekker seg gjennom semesteret

Oppstartsseminar i januar, avslutningsseminar i april.

Mål og innhald

Emnet bygger på en innføring i medisinsk pedagogikk (ELMED218A Teoretisk innføring i medisinsk pedagogikk), og forutsetter at deltakere har bestått dette. Emnet har som mål å gi studentane trening i å planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogiske oppgåver retta mot helsefagleg utdanning. Dei praktiske oppgåvene kan vere undervisnings- og rettleier-oppgåver, utviklingsoppgåver eller anna form for pedagogisk tilrettelegging.

Studentar som har vore undervisar, rettleiar, hatt mentor-oppgåve (gjeld ikkje sosial mentor 1. og 2. semester) eller liknande i regi av det medisinske fakultetet (evt. Studentorganisasjon) i minst 20 timar kan nytte dette som bakgrunn for arbeidet med oppgåva.

Om de er usikre på om undervisningserfaringa de har kan telja ¿ ta kontakt med emneansvarleg: knut.eliassen@uib.no

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggjande kunnskapar om korleis ein planlegger og legg til rette for læring hos ulike målgrupper
  • kan greia ut om korleis ein pedagogisk intervensjon bidrar til læring og til andre moglege konsekvensar av intervensjonen
  • har kjennskap til ulike rammer som er med å påvirke opplæring

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planlegge og gjennomføre ei avgrensa pedagogisk oppgåve med målgruppas læring for øye
  • kan opptre i ulike pedagogiske roller som undervisar, rettleier, vurderar eller liknande
  • kan gjere kloke val og ta i bruk varierte virkemedel i rettleiing og undervisning

Generell kompetanse

Studenten:

  • kjenner til styrker og svakheter ved eigen undervisningsrolle
  • kan samarbeide om å løyse pedagogiske oppgåver i lag med andre

Krav til forkunnskapar

Må ha gjennomført ELMED218A Teoretisk innføring i medisinsk pedagogikk, same studieår eller seinast året før.

For å ta emnet må du ha vore undervisar, rettleiar, hatt mentor-oppgåve eller liknande i regi av det medisinske fakultetet (eller studentorganisasjon) i minst 20 timar

Krav til studierett

Medisinstudiet eller masterstudiet i klinisk ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det er obligatorisk oppmøte på emnets første og siste dag.

I emnet nyttar studentane den praktiske erfaringa dei har hatt i rolla som undervisar, rettleiar eller instruktør. Emnet er bygd opp som ei vidareføring av emnet ELMED218A Teoretisk innføring i medisinsk pedagogikk.

Tal på deltakarar (studentar)

Minimum: 8

Maksimum: 25

Vurderingsformer

Innlevering av refleksjonsoppgave med praksisrapport 1500-3000 ord.

Obligatorisk presentasjon av arbeidet i avslutningsseminar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

ELMED218 Innføring i medisinsk pedagogikk

Vurderingssemester

vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Kontaktinformasjon

elektiv@med.uib.no

Tlf: 55 58 64 00

Eksamensinformasjon