Aktivitet og kost er medisin

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studentane skal kunne tilby pasientar konkrete råd om korleis fysisk aktivitet og kosthold kan fremme helse og gi en introduksjon til tema innen idrettsmedisin.

Emnet aktivitet og kost er medisin skal formidle forståing for at aktivitet og kosthold kan nyttast som eit dokumentert verkemiddel for å førebygge og behandle dei fleste sjukdomstilstander. Kurset har som mål å gje studentane praktisk erfaring med endringsarbeid ved å møte pasientar som treng tilrettelegging for økt aktivitet. Dei vil treffe pasientar i klinikken som er egna for rettleiing. Kurset tek utgangspunkt i pasienthistorier som studentane skal jobbe med i grupper ved å lage ein aktivitetsplan/treningsopplegg. Planen/oppgåva vert presentert som gruppeoppgåve siste kursdagen.

Studentene vil også få ein innføring i idrettsmedisin med eksempel på kva som disponerar for skadar, behandlingsprinsipp for desse. Kurset omhandlar også vanlege utfordringar hos idrettsaktive og mosjonister samt prinsipp innan førebygging med praktisk workshop.  

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten kan gjere greie for

  • generelle effektar av fysisk aktivitet
  • generelle anbefalingar om fysisk aktivitet
  • gjere greie for korleis ein kan teste fysisk form på ulike pasientgrupper
  • endring av levevanar som ein prosess og generelle prinsipp for endring
  • Prinsipp for førebygging av idrettsrelaterte plager.
  • helseeffekter av kostholdsmønster og dei nasjonale kostråda

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • demonstrere øvingar som kan nyttast ved dei vanlegaste sjukdomar
  • Lage eit enkelt treningsprogram og kosthaldsprogram for ein pasient med eit vanleg helseproblem
  • Gjennomføre ein motiverande samtale med ein pasient - med fokus på aktivitet og kosthald 
  • gå gjennom aktuelt kosthald med ein pasient og gje god veileding i korleis redusere risiko for alvorleg sjukdom med kosthaldsendringar

 

Generell kompetanse

Studenten skal vise forståing for at

  • ein lege som jobbar med endring av livsstil hos ein pasient må jobbe etter ein pasientsentrert metode
  • endringsarbeid og øvingar må tilpassast den enkelte pasient
  • livsstilsarbeid er egna for tverrprofesjonelt samarbeid

Studiepoeng, omfang

3

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, elektiv periode er i januar.
Krav til forkunnskapar
30 sp avlagt i master i klinisk ernæring eller fullført til og med MED5 i medisinstudiet
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Medisinstudiet eller masterprogram i klinisk ernæring 
Arbeids- og undervisningsformer

4 dagar er satt av til praksisbesøk ved legekontor eller Frisklivssentral, studenten må delta på 3 av desse. Ved besøka skal studenten få innføring i arbeidsmetodar, møte pasientar samt få praktisk trening i å samtale med pasientar om livsstilsendring med fokus på økt fysisk aktivitet og sunt kosthold. Vi tilrår at alle studentar får delta på trening av pasientar og også være med å leie ein aktivitetsøkt. Vi tilrår at ein deltek i planlegging av måltid, varehandling og tillaging av mat. På praksisbesøk vil studentane møte tilsette frå ulike fagfelt som fysioterapeutar, psykologar, sjukepleiarar og treningsrettleiarar.

Det er satt av 2 dager med tema idrettsmedisin og ein dag med praktisk workshop med fokus på testing forebygging.

Introduksjonsdag og oppsummering siste dag er også obligatoriske dagar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Kurset krev at studenten deltek på introduksjon og oppsummering samt minst 3 av 4 utplasseringar.

Kvar student skal delta på eit gruppearbeid kor ein skal lage et forslag til aktiviteter som er høveleg for ein gjeven pasient. Oppgåva skal presenterast på oppsummeringsdagen.

Alle gruppene må være tilstade heile presentasjonsdagen. Presensliste vert distribuert.

Den einskilde student må kunne gjere greie for eige bidrag til oppgåvearbeidet.

Vurderingsformer

Presentasjon av treningsprogram siste kursdag.

Studenten skal arbeide med ein gruppeoppgåve som blir tildelt første uke. Felles for oppgåvene er utgangspunkt i ein pasient med ein nærare definert problemstilling som treng rettleiing for å auke eigen aktivitet.

Oppgåva presenteras siste kursdag av samla gruppe ved ein kombinasjon av presentasjon av kasuistikk og praktisk presentasjon av eit treningsopplegg for denne pasienten.

Ein sides presentasjon av oppgåva lastast opp i Mitt UiB seinast dagen før (kl 2000) presentasjonen slik at den er tilgjengelig for rettleiar

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Emneevaluering
Kvart 3. år
Hjelpemiddel til eksamen

Power point

Eventuelle treningshjelpemiddel for demonstrasjon må studenten organisere sjølv

Programansvarleg
Programutvalet for medisin, PUM
Emneansvarleg

Thomas Mildestvedt IGS hovudansvarleg

Lars Thore Fadnes medansvarleg

Administrativt ansvarleg
IGS