Hjem
Studentsider
Masteremne

Innovasjon og entreprenørskap

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål:

Hovudmålet er å inspirere og forberede medisinstudentar til mulig karriere som grunder eller andreinnovasjonsretta yrke. Emnet er anbefalt for studentar som ynskjer å skrive hovudoppgåve med tema innan innovasjon og entreprenørskap.

Kursinnhald:

Kurset er meint å inspirere og utstyre deltakaren med tilstrekkelig kompetanse og kunnskap til å forstå korleis dei kan kommersialiserer sine framtidige forskingsresultat.

Kurset vil A) introdusere entreprenørskapskonseptet, B) dele erfaringar frå medisinske grundere, og C) inkludere praktiske oppgåver der studentane blir bedne om å utvikle ein forretningsidé og simulere oppstart av eit selskap.

Den teoretiske bakgrunnen vil delvis være basert på eit program utviklet på MIT Sloan School of Management. Tidlegare medisinske grundere vil dele og diskutere sine erfaringar og motivasjonar for å starte ei bedrift. Som avsluttande oppgåve blir studentane bedne om å utvikle ein forretningsidé (produkt, metode eller teneste) til en forretningsplan framlagt som «investor pitch» (kort presentasjon til investor), inspirert av kurspensum, medisinske grundere som ein møter i kurset og coaching (trening) underveis.

Læringsutbyte

Kunnskaper:
Studenten skal forstå dei grunnleggande prinsippa for entreprenørskap og innovasjon.

Ferdigheiter:
Studenten skal vite korleis dei transformerer/utviklar ein innovativ ide til eit produkt eller teneste av kommersiell verdi eller helsemessig nytte som kan presenterast som en «investor pitch»

Generell kompetanse:
Studenten skal lære å bruke innovasjonstankegang naturlig i dagleg arbeid som klinikar og forskar, og merksam på potensiell verdi av eigen framtidig "intellectual property" ("patentbar ide").

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Medisinstudiet, evt sekundært ansatt ved medisinsk fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset vil innehalde 3 deler. Del 1 kursinnføring, inspirerande presentasjonar frå tidligare bedriftsstiftara og eksempel på investorklassar av innovative produkt / serviceideer.

Del 2 er gryppearbeid etter eit program utvikla av MIT Sloan School of Management ("Disciplined Entrepreneurship by Bill Aulet"). Kursmateriale vil inkludere lærebok, arbeidsbok og videoinstruksjonar. Kursinstruktørar frå fakultetet skal rettleie studentane.

Del 3 Utvikle eit konkret produkt- eller serviceide og kulminere i ein simulert «investor pitch». Eit ekspertpanel beståande av kursadministratorer, ansatte ved VIS og medisinske grunderar vil vurdere presentasjonen og gje tilbakemelding.

Antall deltakere:
Minimum: 6
Maksimum: 25

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% oppmøte. Aktiv deltaking i førebuing og gjennomføring av investor pitch er obliatorisk.

Vurderingsformer

Eit panel vil vurdere kvaliteten på «investor pitch» som grunnla for vurdering av læringsutbyttet.

Gruppa skal samla presentere minimum bakgrunn for val av ide, målgruppe for ideen, løysningen, markedsstrategi, finansielle vurderingar, teamets rolle, konkurranse-posisjonering og forslag til investor.

Studenten skal være en av team-medlemmene som presenterer. Studenten blir vurdert ut frå evne til å engasjere publikum, overtydande presentasjon av produktet/ideen i ei logisk rekkefølge og til å svara på spørsmål etter presentasjonen.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Litteraturliste

Disciplined Entrepreneurship by Bill Aulet. Wiley, 2013

Disciplined Entrepreneurship, Workbook, by Bill Aulet. Wiley, 2013

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her: elektiv@med.uib.no

Tlf 55 58 64 00

Eksamensinformasjon