Hjem
Utdanning
Masteremne

Infeksjonsmedisinens historie

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED225
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår (3. og 4. veke av vårsemesteret)

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei innføring i infeksjonsmedisinens historie med vekt på ulike smitte- og sjukdomsteoriar (frå miasmeteori til bakteriologi/germ theory), medisinske gjennombrot og framveksten og betydninga av den moderne farmakologien. Dinest skal kurset gi innsikt i tre ulike infeksjonssjukdommar - lepra, tuberkulose, hiv/aids - og korleis desse sjukdommane har blitt forstått gjennom historia.

Emnet skal formidle forståing for kva slags grunnlag vår tids infeksjonsmedisin kviler på, teoretisk og i praksis, og gi innsikt i ulike måtar å møte infeksjonssjukdommane på så vel medisinsk som sosialt, og kva slag kostnader - i vid forståing av ordet -sjukdommane har hatt for pasientane og for samfunnet i stort.

Læringsutbyte

Kunnskapar

  1. Studenten har oversikt over houvdlinjene i framveksten av infeksjonsmedisinens historie - teoretisk og i praksis - frå 1800- talet og fram til vår tid.
  2. Studenten har innsikt korleis ein har møtt dei som har vore råka av ulike infeksjonssjukdommar, frå medisinsk hald og ute i samfunnet.

Ferdigheiter

  1. Studenten kan nytte den historiske kunnskapen i den praktiske kvardagen t.d. i samband med opplegg av førebyggande tiltak og strategiar, og i behandlinga av pasientane.
  2. Studenten kan nytte den historiske kunnskapen i fagpolitiske diskusjonar og samanhengar så vel i den vestlege som i den 3. verda.
  3. Studenten har oppøvd ei viss evne til å så faget og si eiga yrkesrolle med eit kritisk blikk.

Generell kompetanse

  1. Studenten kan sjå samanhengar mellom fortid og notid og med det ha ei betre forståing for infeksjonsmedisinen si rolle i dag, og for korleis faget er vevde inn i større samfunnsstrukturar. Med det vil studenten også kunne sjå korleis fag og helsearbeidarar til ei
  2. kvar tid har vore prega av den tida ei lever i.
  3. Med historisk kunnskap har studenten likeins styrkt evna til refleksjon omkring eiga yrkesrolle, til å vere audmjuk andsynes pasientane og til kritisk tenking omkring ulike behandlingsmetodar.

Tilrådde forkunnskapar

Studentane bør ha lese delar av den obligatoriske litteraturen før kurset tek til, inkludert stoff om historiske tenkjemåtar

Krav til studierett

Medisinstudiet og masterstudiet i helse og samfunn

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar, førelesingar, litteraturstudiar, gruppearbeid, diskusjonar om enkeltartiklar, framlegg frå studentar av refleksjonsnotat ved slutten av kurset.

 

Antal deltakarar:

Minimum: 7

Maksimum: 20

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte og arbeidskrav.

  • 75 % obligatorisk frammøte (6 av 8 undervisningsdagar)
  • Deltaking i gruppearbeid
  • To og to studentar presenterer artiklar og/ellerbokkapittel frå pensumlista

Vurderingsformer

Alle studentane skal presentere og levere inn eit refleksjonsnotat på frå 4 til 8 sider på slutten av kurset, gjerne med vekt på ein av dei tre infeksjonssjukdommane som vert belyst i kurset: lepra, tuberkulose eller hiv/aids.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Kvart 3. år

Programansvarleg

Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

info@mofa.uib.no

Tlf 55 58 64 00