Pasientsikkerheit og simulering i praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studenten ei grunnleggjande og praktisk retta innsikt i kva ein meiner med sikkerheit for pasientar, korleis uønska hendingar kan oppstå, og korleis ein kan skape sikkerheit ved hjelp av ulike arbeidsmetodar og betre kommunikasjon.

Studentane skal også få innføring i korleis uønska hendingar skal handterast ifølgje lov og forskrift. Vidare skal ein syne korleis slike hendingar påverkar pasient, pårørande og involverte kollegaer og fagmiljø.

Simuleringstrening har blitt ein vanleg måte å øve på vanskelege situasjonar, og studentane skal få ei omfattande innføring i kva simulering og teamtrening er, og korleis ein kan drive slik øving. To dagar av kurset vil være fasilitatoropplæring slik Stiftelsen BEST: Bedre & systematisk teamtrening driv ved norske sjukehus. Målet er å få til tverrfaglege øvingar i samarbeid med BAMS.

Studentane skal også få kjennskap om dei mange ressursar som fins på internett når det gjeld pasientsikkerheit og simulering.

Emnet Pasientsikkerheit og simulering i praksis skal formidle forståing for korleis ulike faktorar spelar saman, og enten fører til uønska hendingar eller ikkje. Gjennom presentasjon av ulike teoretiske modellar, pasienthistorier og rapportar, vil ein i diskusjon få ei djupare forståing for omgrepa sikkerheit og tryggleik, og korleis simulering kan være eit godt og nyttig verkemiddel.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • kan gjere reie for korleis uønskte hendingar vanlegvis oppstår
  • kjenner til teoretiske modellar for risiko og sikkerheit, som "Safety-I", "Safety-II" og kompleksitets-kunnskap
  • har grunnleggjande kunnskap om nytten av, men og grenser for, strukturert kommunikasjon og prosedyrar
  • veit om fysiologiske grenser for menneskeleg kapasitet
  • veit korleis ein skal melde og handtere uønskte hendingar
  • har kjennskap til vanlege reaksjonar hjå pasientar, pårørande og kolleager ved uønskte hendingar
  • har kjennskap til erstatnings-ordningar som NPE
  • veit om utvalde former for sikkerheitsarbeid i både medisin og andre deler av samfunnet
  • veit korleis simulering og teamtrening kan nyttast for å auke pasienttryggleiken

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysera ei uønskte hending ved hjelp av ulike perspektiv.
  • kan samtale med pasient/pårørande og kollegaer etter ei uønskte hending
  • kan finne informasjon om pasientsikkerheit på internett
  • kan planlegge, leie/gjennomføre teamøvingar, inkludert leie debrief og refleksjon etter øving

Generell kompetanse

Studenten:

  • djup forståing av sikkerheit og risiko og analyse av hendingar
  • kompetanse om strukturert kliniske tilbakemelding

Undervisningssemester

Vår, elektiv periode er i januar.

Krav til studierett
Medisinstudiet- eller ernæringsstudiet.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, video, gruppearbeid, rollespel og diskusjonar, praktiske øvingar og presentasjonar av oppgåver og tema innan pasientsikkerheit.

Vi vil invitere pasientar/pårørande, og representantar frå tilsynsmyndigheit og "havarikommisjonen" for helse; UKOM.

Kvar student vil planleggje og væra fasilitator for to teamøvingar, og i tillegg førebu og presentera eit tema for dei andre studentane.

I den grad det er mogeleg vil ein freiste få med andre helsefaglege studentar når ein skal drive simuleringsøvingar.

Tal på deltakarar (studnetar):

Min: 12

Maks: 24

Vurderingsformer
Aktiv deltaking i diskusjonar, gruppearbeid og øvingar. Ein skal og levere ei skriftleg oppgåve under kursperioden.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil kome under kurset.