Hjem
Utdanning
Masteremne

Medisinsk fredsarbeid

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED229
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

3-6. studieår medisin

Undervisningssemester

Vår

MOOCane er tilgjengelege frå 6.januar og ut februar. Dei andre kursa er tilgjengelege heile tida, men må vere godkjente før 15.mars.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei innføring i samanhengen mellom helse og krig og ulike former for vald, underliggande årsaker til valdeleg konflikt, menneskerettar og internasjonal humanitær lov, flyktning- og migrasjonsutfordringar.

Emnet skal formidle forståing for at vald er eit samfunnsmedisinsk problem og korleis helsepersonell kan ta del i valdsførebygging, rehabilitering og forsoning

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan

  • Diskutere ulike definisjonar av omgrepa vald, konflikt og fred
  • Skildre typiske underliggande valdelege konfliktar og korleis valdeleg konflikt og fred er relatert til helse
  • Skildre typar medisinsk fredsarbeid som helsearbeidarar kan delta i globalt og lokalt
  • Skildre dei grunnleggande prinsippa for internasjonal humanitær lov, menneskerettar og dei etiske kodeksane for helseprofesjonane.
  • Planlegge helsetenester for flyktningar og foreslå korleis helsearbeidarar kan dokumentere og førebygge utbreiinga av og lindre konsekvensane av menneskerettsbrot og tortur.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Evaluere og respondere på ulike former for vald i helsetenesta

Vurdere og respondere på teikn på familievald eller tortur i klinisk praksis

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Kjenne igjen situasjonar der det er risiko for å bryte helserelaterte menneskerettar
  • Reflektere over ansvaret til helsearbeidarar til å fremje og forsvare retten til helse og til å førebyggje vald

Krav til forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet inkluderer seks nettbaserte kurs (fire vanlege nettkurs på medicalpeacework.org og 2 MOOCar* på futurelearn.com), alle gratis tilgjengelege. Arbeidsmengda for dei ulike kursa er omtrentleg slik:

  • MPW Course 1: Health workers, conflict and peace: 12 t
  • MPW Course 2: Medicine, health and human rights: 8 t
  • MPW Course 4: Structural violence & root causes of violent conflict: 18 t
  • MPW Course 5: Peace through Health in violent conflict: 14 t
  • MOOC Global Health, Conflict and Violence: 15 t
  • MOOC Addressing Violence Through Patient Care: 15 t

Det er nettbaserte diskusjonar i MOOCane

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei fire kursa på medicalpeacework.org inneheld testar med fleirvalsoppgåver. For å få å godkjent desse kursa må ein få minst 70% på testane i kvart kapittel av kursa.

Studentane må skrive kommentararar i alle diskusjonsstega i MOOCane

Vurderingsformer

Fleirvalstestar i nettkursa

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Evaluering etter første gjennomføring, deretter kvart tredje år.

Emneansvarleg

Ingvild Fossgard Sandøy

Administrativt ansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

info@mofa.uib.no

Tlf 55 58 64 00