Hjem
Utdanning
Masteremne

Musikk og hjernen

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED230
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

vår

Mål og innhald

Emnet gjev ein introduksjon til korleis hjernen handsamar musikk, dvs. dei fysiologisk prosessane i hjernen som ligg til grunn for menneskeleg musikalitet. Ein vil og vise korleis langvarig bruk av og øving på musikk kan endre hjernen. Her vil omgrepet nevroplastisitet stå sentralt. Siste del av kurset vil omhandle kva konsekvensar dette kan ha for bruk av musikk for læring og kognisjon og for musikkterapi i medisinske kontekstar.

Innføring i musikkens fysiologi

Kurset gjev ei innføring i basal hjerneanatomi og -fysiologi med relasjon til korleis hjernen handsamar auditiv informasjon. Ein vil relatere dette til velkjente akustiske prinsipp og vise korleis hjernen oppfattar og handsamar ulike aspekt av musikken som melodi, pitch (tonehøgde), timbre (klang/akkordanalyse, rytme, osb. Ved hjelp av denne kunnskapen vil ein vise korleis hjernen kan la seg lure (auditive illusjonar), men og korleis dei same prosessane ligg til grunn for improvisasjon og kreativitet. Ein vil vidare leggje vekt på korleis hjernens sensitivitet for rytme, rørsle og emosjonelle uttrykk er ein viktig føresetnad for mellommenneskeleg kommunikasjon, både i vårt første leveår og seinare i livet.

Musikk og nevroplastisitet

Kurset gjev ei innføring i dei kognitive og emosjonelle prosessane som musikk set i gang i hjernen og vil gjennomgå dei fysiske endringar (t.d. vekst av motoriske, auditive og andre område i hjernen) som dette medfører. Ein vil vidare gjennomgå kva konsekvensar dette har for andre relaterte kognitive prosessar, slik som handsaming av auditiv informasjon generelt, språk, motoriske ferdigheiter og generelle kognitive prosesser. Ein vil og gjennomgå korleis denne plastisiteten ved overlæring kan føre til uhensiktsmessige endringar med konsekvensar som musikardystoniar.

Korleis kan musikkens fysiologi og nevroplastisitet nyttast?

I siste del av kurset vil ein gå inn på korleis bruk av musikk kan gje positive ¿biverknader¿ for ulike kognitive prosessar som kan være til nytte innan læring og utvikling av språk og sosiale ferdigheiter. Musikarar får feks betre emne til å gjenkjenna emosjonar i stemme og språkleg kommunikasjon. Musikken har og ein eigen emne til å skapa felleskapsfølelse som kan væra viktig for sosiale dugleikar og kan ha vore ein viktig evolusjonsmessig årsak til vår musikalitet. Ein vil og diskutere implikasjonar for bruk av musikk innan behandling og rehabilitering av nevrologiske sjukdommar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

  • Studenten har elementær kunnskap om korleis hjernen handsamar og blir påverka av musikk og auditiv informasjon.
  • Studenten kjenner til korleis ein forskar innanfor det nevromusikkvitskaplege fagområdet og kva forskinga viser
  • Studenten har grunnleggande kunnskap om nevroplastisitet og dei fysiologiske prosessane i hjernen som ligg grunn for menneskeleg musikalitet.
  • Studenten kan argumentere for korleis musikk kan vere til hjelp for læring, utvikling og nevrorehabilitering f.eks. etter traumatiske hjerneskader, hjerneslag og nevrodegenerative sjukdommar

 

Ferdigheiter

  • Studenten kan finne fram til og vurdere forskingslitteratur som kobler kunnskap om musikk og hjerne.
  • Studenten kan, med utgangspunkt i elementær kunnskap om korleis hjernen handsamar musikk og korleis dette påverkar hjernen, begrunne korleis musikk kan vere til hjelp for friske og sjuke/skadde hjernar og for musikkterapi i medisinske kontekstar for eksempel ved demenssjukdommar, Parkinsons sjukdom og i rehabilitering etter hjerneslag.

 

Generell kompetanse

  • Studenten kan formidle fagstoff om korleis hjernen og helse blir påverka av musikk, skriftleg og munnleg. Og vurdere indikasjonar for og effekten av ulike musikkterapeutiske intervensjonar.

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar. Gruppearbeid. Demonstrasjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske førelesningar og innlevering.

Vurderingsformer

Skrive ei oppgåve.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Musikk og hjernen. Are Brean og Geir Olve Skeie. CappelenDamm.

Programansvarleg

Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Geir Olve Skeie NEvr avd. Griegakademiet. UiB

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 1 (K1)

Kontakt

Kontaktinformasjon

elektiv@med.uib.no

Tlf: 55 58 64 00