Hjem
Utdanning
Masteremne

Praktisk oftalmologi

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED301
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår, dei to siste vekene av den elektive perioden. Den elektive perioden er dei fire fyrste vekene av vårsemesteret.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi undervisning i oftalmologi som skal forberede studenten på evt. framtidig arbeid innan augefaget.

Kurset skal auke kunnskapen om ulike augesjukdommar og behandling av disse. Fokuset ligg på praktiske ferdigheiter og bruk av moderne utstyr for undersøking. Disseksjon og enkle augekirurgiske prosedyrar utføres på griseauge.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • kan symptom og funn ved ulike augesjukdommar og augeskader
  • kjenner til auge si oppbygging og anatomi samt enkle kirurgiske prinsipp
  • forstår bruken av moderne oftalmologisk utstyr for undersøking

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan utføre diagnostiske og behandlingsmessige prosedyrar

Generell kompetanse:

Studenten

  • forstår påkjenningane og praktiske problem som ein alvorlig augesjukdom kan medføre, og har kjennskap til aktuelle hjelpetiltak

Krav til forkunnskapar

Gjennomgått undervisning i augesjukdommar (7. semester)

Krav til studierett

Medisinstudiet, 8. til 12. semester.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesning, kurs/gruppearbeid, hospitering ved ulike seksjonar på avdelinga.

Min. 5 og maks. 20 studentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte til alle deler av kurset. Studentar kan være borte inntil 2 dagar pga. sjukdom.

Vurderingsformer

Kortsvaroppgåver relatert til førelesingar og kurs.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Felles evaluering ved kursets avslutning

Emneansvarleg

Klinisk institutt 1, Seksjon for oftalmologi, Jørgen Krohn.

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 1

Kontakt

Kontaktinformasjon

Klinisk institutt 1 studie@kliniskmedisin.uib.no