Hjem
Studentsider
Masteremne

Legevakt og akutt allmennmedisin

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår, elektiv periode er i januar (første to vekene).

Mål og innhald

Målet for kurset er å gje studentane auka kunnskapar og ferdigheiter i legevaktmedisin og akutt allmennmedisin.

Kurset handlar om diagnostikk, behandling, organisering og juridiske tilhøve for akuttmedisinske tilstandar, slik ein møter dei i kommunal legevakt og på allmennlegekontoret.

Kurset skal gje studentane kunnskapar, vurderingskompetanse og kliniske ferdigheiter utover det som er forventa i den allmenne studieplanen.

Kurset vil mellom anna basere seg på dei nettbaserte e-læringskursa som er obligatoriske for helsepersonell etter akuttmedisinforskrifta.

Læringsutbyte

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • Lovverk som regulerer den akuttmedisinske kjeda og legevakt
  • Organisering av den akuttmedisinske kjeda, med vekt på legevakt og legevaktsentral
  • Dei særeigne allmennmedisinske rammer og arbeidsteknikkar som gjeld ved diagnostikk og behandling ved akuttmedisinske problemstillingar, inkludert diagnostisk og terapeutisk utstyr som vert brukt i legevakt og på allmennlegekontoret
  • Dei vanlegaste og viktigaste akuttmedisinske problemstillingane med tilhøyrande diagnostikk og behandling. Eksempel kan vere feber, svimmelhet, synkope, fall og falltendens, pustevanskar, brystsmerter, akutte magesmerter, akutte ryggsmerter, skader og ulukker, sjølvmordstankar og andre akutt oppståtte psykiske plager, inkludert rusrelaterte problemstillingar
  • Dei ulike arbeidsmåtane i legevaktsentralen og for legevaktlegen, i form av telefonkonsultasjonar, sjukebesøk og utrykning

Ferdigheiter

Studenten har praktiske ferdigheiter i å vurdere, undersøke, diagnostisere og behandle dei vanlegaste og viktigaste akuttmedisinske problemstillingane:

  • Studenten kan utføre relevant akuttmedisinsk undersøking i høve til problemstillinga
  • Studenten kan vurdere dei viktigaste akuttmedisinske symptompresentasjonane, inkludert hastegradsvurdering, bruk av triage, lage diagnostisk plan og bestemme rett behandlingsnivå
  • Studenten kan behandle dei vanlegaste akuttmedisinske problemstillingane
  • Studenten meistrar førstehjelpsbehandling ved alvorlege skader og livstruande sjukdommar
  • Studenten meistrar bruken av naudnett ved å svare på og handtere oppkall og kommunikasjon med samarbeidspartar

Generell kompetanse

Studenten har evne til å forstå allmennlegekontoret og legevakt som eit akuttilbod for alle typar helseproblem, og allmennlegen og legevaktlegen sine roller og trong for kompetanse:

  • Studenten viser evne til refleksjon omkring eiga rolle og utøving av legearbeidet knytt til akutte problemstillingar
  • Studenten er bevisst på grensene for eigen fagleg kompetanse og korleis kompensere for manglar i denne
  • Studenten viser evne til å kunne samhandle med andre personellgrupper i den akuttmedisinske kjeda
  • Studenten viser innsikt i ulike etiske og juridiske utfordringar i akuttmedisinen

Krav til forkunnskapar

Fullført undervisning i MED10

Kurset er basert på gjennomført undervisning i kliniske fag og derfor tilrettelagt for studentar i siste studieår. Studentar med lite erfaring frå legevaktarbeid vil ha best utbytte av kurset.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Film, pasienthistorier, sjølvstudium med oppgåveløysing, gruppeaktivitetar (diskusjon av case, presentasjon og diskusjon av artiklar, etisk refleksjon), e-læring i form av nettkurs i akuttmedisin.

Eit mindre tal førelesningar.

Om lag 20 timar timeplanfesta undervisning per veke, totalt om lag 40 timar. Det er naudsynt med førebuing til dei fleste undervisningsdagane i form av lesing av artiklar og fagstoff, e-læringsprogram, oppgåveløysing eller å gjennomføre testar. Total timebruk om lag 40 timar per veke.

Tal på deltakarar:

Minimum: 15

Maksimum: 45

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Om lag 20 timar timeplanfesta undervisning per veke, totalt om lag 40 timar. Det er naudsynt med førebuing til dei fleste undervisningsdagane i form av lesing av artiklar og fagstoff, e-læringsprogram, oppgåveløysing eller å gjennomføre testar. Total timebruk om lag 40 timar per veke.

Studentane vil få delta på akuttmedisinske øvingar der ein øver ulike scenario og i ulike yrkesroller, der også bruke av radiokommunikasjon kan inngå.

Obligatorisk frammøte: Minimum 80%

Obligatorisk arbeidskrav: Godkjent innlevering av skriftlege oppgåver.

Kursprøve i form av fleirvalstest siste dagen.

Vurderingsformer

Fleivalstest

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Digital litteraturliste

Emneevaluering

Minst kvart 3. år

Programansvarleg

Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Professor Steinar Hunskår

Steinar.Hunskar@uib.no

Administrativt ansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

Institutt for global helse og samfunnsmedisin: studie@igs.uib.no

Eksamensinformasjon