Hjem

Utdanning

Masteremne

Moderne diagnostikk og behandling av kreftsykdommer

Studienivå (studiesyklus)

Emnet er for medisinstudentar på sitt 5.-6. studieår.

Undervisningssemester

Vår, dei to fyrste vekene av den elektive perioden. Den elektive perioden er de fire fyrste vekene av vårsemesteret.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å øke studentens breddekunnskaper om diagnostikk og behandling av kreft.

Emnet skal formidle forståing for korleis kreftsjukdommar kan påvisast og behandlas og dei bivirkningar behandlinga kan gje.

Onkologifaget kan grovt sett inndelast i generell onkologi og onkologi spesifikk for dei enkelte kreftformane. Medisinerstudentane skal kun beherske dei mest sentrale tema innan generell onkologi, og i liten grad avkrevas kjennskap te den spesifikke håndteringa av dei enkelte kreftformane. For dei studentane som tek dette ELMED kurset er det likevel meninga at dei ska tilegne seg meir viten innan onkologien enn det dei får i den delen av undervisninga som alle studentane får.

Desse emna vil bli dekka;

1) Kreftutgreiing

2) Behandlingsmodalitetar og kurativ vs. palliativ kreftbehandling

3) Persontilpassa kreftbehandling og morgendagens kreftbehandling

4) Akuttbivirkningar av kreftbehandling

5) Seinskader etter kreftbehandling

6) Akutt onkologi

7) Hematologisk kreft og lymfom

8) De solide kreftformane

Læringsutbyte

Kunnskapar
- har god kjennskap til korleis diagnostikk og behandling av kreftsjukdommar skjer i dag, og dei komplikasjonane som kan komma til under og etter behandling.

- har kjennskap til nokre av dei kjerneområda der kreftforskninga er spesielt aktiv i dag, f.eks. innan persontilpassa medisin.

Ferdigheiter
- kan under rettleiing starte utgreiing av mistenkt kreft hos pasientar

- kan under rettleiing ta hand om pasientar med akutte og kroniske komplikasjonar under og etter kreftbehandling

Generell kompetanse
- har tilegna seg ny kjennskap om moderne kreftbehandling og veit korleis han/ho skal tilnærma seg diagnostikk/utgreiing og ta hand om pasientar som er kreftsjuke.

Krav til studierett

Medisinstudiet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningsform i kurset er team-basert læring, og dei ulike tema vert undervist med ett tema per dag etter denne timeplanen;

Dei to onsdagane i denne 2 vekers perioden skal studentane fordelas på ulike sengepostar og poliklinikkar på Kreftavdelinga og på Med. avd, Hematologisk seksjon for å følgje ein undervisar der i pasientarbeidet. Elles er det TBL kursdagar dei øvrige 8 dagane.

Tal på deltakarar
Minimum: 10
Maksimum: 10

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk deltaking på all undervisning i emnet. 

Krav: 80% deltaking ved undervisning, visittar, testar og godkjent gruppearbeid.

Vurderingsformer

Det vert brukt multiple choice-spørsmål innan det aktuelle emnet på kvar av dei 8 kursdagane. Først skal studentane svare på oppgåvene kvar for seg og så skal dei same oppgåvene besvarast gruppevis. Oppgåvene vil peke direkte mot dei artiklane som studentane på førehand har lest igjennom og skal kjenne til.

Vidare skal gruppene kvar av dei åtte kursdagane få gruppeoppgåver/kasuistikkar innan det aktuelle emnet som dei skal arbeida med.

Både MCQ og gruppeoppgåvene skal godkjennast.

Kurset blir vurdert som bestått/ikkje bestått.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Eksamensinformasjon