Hjem
Studentsider
Masteremne

Felles praksisemne i aldersmedisin

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeELMED325
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår og haust

Førelesingar i vårsemesteret (januar)

Praksis enten i vår eller haustsemesteret

Undervisningsstad

Teori ved UiB

Praksis/utplassering innan eldreomsorg i Bergen, Øygarden eller Askøy.

Mål og innhald

Det overordna målet med emne er å gje tverrprofesjonell innsikt i aldring og helse, med førelesingar frå geriatri, odontologi, farmasi og klinisk ernæring. Studentane skal lære om helseutfordringar ved samansette sjukdommar knytt til aldring, polyfarmasi og utfordringar knytt til ernærings- og tannstatus. Vidare skal studentane få ein oversikt over status og utfordringar i eldreomsorg i Noreg. Kurset legg og vekt på å trene helseprofesjonsstudentar i tverrfagleg pasientarbeid.

Innhald:

Emne består av en teoretisk tilnærming som inneheld førelesingar om eldreomsorg frå ulike profesjonar. Det vert lagt vekt på kasuspresentasjon og gruppearbeid som del av undervisninga.

Videre skal studentane i TVEPS Praksis/utplassering i tverrfaglege team utgreie pasientar og skrive tiltaksplan som diskuterast i dialog med institusjonen sine helsearbeidarar. Utplasseringa er knytt til institusjonar i eldreomsorg.

Læringsutbyte

Etter endt emne og trening i TVEPS og saman med anna parallell studieaktivitet vil studentane i større grad:

Kunnskapar

  • Ha avansert og tverrfagleg kunnskap om eldreomsorg i Noreg, med fordjuping i munnhelse, ernæring, polyfarmasi hos eldre, og kommunikasjon ved slutten av livet
  • Ha inngåande kunnskap om andre helseprofesjonars kompetanse og kva desse kan bidra med i pasientarbeid
  • Ha kunnskap om nytten av tverrprofesjonelt samarbeid

 

Ferdigheiter

  • Kan bruke og formidle eigen vurdering til samarbeidande profesjonsgrupper
  • Kan delta aktivt i ein tverrprofesjonell utgreiing av pasient/klient/brukar
  • Kan bruke sine kunnskap til å samarbeide med pasient/klient/brukar

Generell kompetanse

  • Kunne kommunisere om faglege problemstillingar og konklusjonar innanfor fagområdet med andre helseaktørar
  • Kan analysere og reflektere over gruppeprosessar i et tverrfagleg team

Krav til studierett

Opptak til eit av følgande studieprogram:

Masterprogram i klinisk ernæring - emne til elektiv periode

Masterprogram i helse og samfunn - valemne

Integrert master i farmasi - valemne

Medisinstudiet - emne til elektiv periode, må ha fullført 3.studieår av medisinstudiet

Bachelor i tannpleie - 3. studieår

Arbeids- og undervisningsformer

Emne består av ein teori og ein praksisdel. Begge deler må gjennomførast og bestås for å få faget godkjent.

Teori:

8 samlingar/førelesingar. Førelesingane er obligatoriske. Det er ein forutsetning at ein følgjer undervisninga. Ved fråvær frå meir enn ein forelesing vil ein ikkje bestå emnet. Undervisinga vil være gruppebasert, og studentane skal førebu seg før førelesingane med litteratur til den enkelte førelesing. Litteraturen er tilgjengeleg på Mitt UiB.

Praksis: Estimert arbeidsmengde = 20 timer

  • Førebuing før/etter oppstartsmøte (1,5 time)
  • Oppstartsmøte - på ettermiddagstid (1,5 time)
  • Utredningsdag - heil dag med praksis på arbeidsplass (6 timar)
  • Samarbeid om tiltaksplan (6 timar)
  • Dialogmøte (2 timar)
  • Revidering av tiltaksplan (2 timar)
  • Refleksjonsspørjeskjema i etterkant av sjølve praksisen (1 time)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på undervisning og obligatorisk deltaking på TVEPS-praksis.

Vurderingsformer

Deltaking i teori- og praksisdelen er obligatorisk.

Studenten får `bestått ` etter deltaking i minst 85% av obligatorisk oppmøte. Fråvær frå maks ein forelesing er tillate for å bestå emnet.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Overlapp med tidligere emnekoder VALGTVEPS og VALGTVEPSA.

Vurderingssemester

Vår eller haust, avhengig av tidsrom for praksis