Læring frå COVID-19 pandemien: ei tverrfagleg tilnærming

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Å analysere pandemien frå multi- og tverrdisiplinære perspektiv for å få ei betre forståing for kunnskapen som er brukt for å forstå og adressere  ein eineståande trussel mot global helse i samfunnet. Vidare, til å reflektere rundt ulike tilnærmingar til kompleksitet og usikkerhet for betre beredskap for nye kriser.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs kan studenten:

 

Kunnskap: 

Studenten kan:

 - forstå kompleksiteten  og usikkerheten i utvikling av bevis rundt COVID-19 pandemien

- forstår behovet for ulike disiplinar, metodar, prosessar og interessentar i forskings- og utdanningsprosjekt relatert til pandemien.

- kan bidra til utviklinga av ny tverrfagleg kunnskap, nye teoriar, metodar, tolkingar og former for dokumentasjon på feltet.

Ferdigheiter:

Studenten:

- Kan formulere komplekse problem, forskingsspørsmål og vitskapleg og/eller kunstnarleg utviklande arbeid ved å ta i bruk ulike perspektiv

- kan vere del av forsking og utdanning, og/eller kunstnarisk forsking av høg internasjonal standard

- kan handtere komplekse akademiske spørsmål og utfordre allereie etablert kunnskap og praksis i feltet

Generell kompetanse:

Studenten:

- Kan  identifisere nye relevante etiske problemstillingar og utarbeide forskingsarbeid med høg vitskapleg integritet

- Kan argumentere for komplekse tverrfaglege oppgåver og prosjekt

- kan oppdage behovet for, sette i gong og utøve innovasjon innan feltet

Studiepoeng, omfang

3 stp

Studienivå (studiesyklus)

master og Ph.D

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Masterstudie i forløp, eller avslutta bachelorgrad
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Studiepoengsreduksjon
SDG928 - full overlapp
Krav til studierett
Ph.D.-kandidatar ved alle fakultet vil ha førsteprioritet. Studentar i masterløp ved alle fakultet ved UiB. Kurset er særskilt anbefalt for masterstudentar ved master i global helse, andre tilsvarande masterprogram og medisinstudentar. Studentar med studierett ved andre partnarinstitusjonar/universitet kan også søke opptak til kurset.
Arbeids- og undervisningsformer

- Undervisning, inkludert Case-basert læring (CBL) og Team-basert læring (TBL), fulle dagar i ei veke. Siste dag del av internasjonal koferanse

- Gruppearbeid basert på tidlegare definerte øvingar kvar ettermiddag, og arbeid med individuelle oppgåver

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- 80% oppmøteplikt på praktiske sesjonar som gruppearbeid

- godkjent gruppearbeid, inkludert presentasjon

- elektronisk kursevaluering

- Ph.D.-kandidatar må også levere og få godkjent essay

Vurderingsformer

Presentasjon i grupper

(For Ph.D.-kandidatar er det essay i tillegg (3000 ord))

Karakterskala
bestått/ikkje bestått 
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Førebuing til presentasjon av gruppearbeid vil foregå i grupper, og alle hjelpemidlar er tilletne. Presentasjonen og svar ved eksaminasjon vil reflektere studenten sine kunnskapar og ferdigheiter.
Programansvarleg
Programutvalet for medisin (PUM)
Emneansvarleg
Professor Esperanza Diaz 
Administrativt ansvarleg
Andrea Magugliani