Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Introduksjon til energikjelder og forbruk

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gi studentane ein introduksjon til og oversikt over ulike energiressursar og teknologiar, og deira bruk. Emnet skal formidle forståing for bidraget frå ulike energikjelder til nasjonal og global energiforsyning, korleis denne har utvikla seg over tid og kva mogelegheiter som ligg i framtida.

Innhald:
Emnet diskuterer sentrale fornybare energikjelder som solenergi, vindenergi, vasskraft, havenergi, bioenergi og geotermisk energi. I tillegg tar emnet for seg kjernekraft og fossile energikjelder. Tema som energisystem, energilagring og energieffektivitet vert óg introdusert, saman med CO2-fangst og lagring. Dei ulike energikjeldene vil bli satt inn eit bærekraft- og økonomiperspektiv. Prinsippet for livssyklusanalyse vil bli introdusert. Emnet vil gje ei oversikt over nasjonal og global energiproduksjon og forbruk, korleis energi vert nytta og projeksjonar fram i tid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan gjere greie for ulike energiressursar og deira relative rolle i den globale og nasjonale energiforsyninga.
  • kan gjere greie for sentrale begrep og konsept knytt til ulike energiteknologiar.
  • kan gjere greie for forbruk av ulike energiressursar og ¿teknologiar.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere utrekningar på tilgjengeleg energi frå ulike ressursar og tilhøyrande verkningsgradar ved konvertering av energiformar.
  • kan gjere enkle berekningar knytt til energiforbruk og energikostnad.
  • kan gjere enkle berekningar knytt til fundamentale og sentrale samanhengar innan ulike energiteknologiar.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for utfordringar knytt til utviklinga av energibruk globalt og lokalt, deriblant ressursar, kostnadar, samfunn og miljø.

Tilrådde forkunnskapar

Realfagskrav.

Studiepoengsreduksjon

ENERGI200: 10 sp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det eit krav om at du har ein studierett knytt til Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

2 førelesingar á 2+ 1 timar pr. veke, 1 øving per veke. Øvingane inkluderer rekneoppgåver knytt til forelesingane og 1- 2 prosjektarbeid med diskusjon av aktuelle tema. Noko av forelesingstida vil bli nytta til rettleiing i prosjektarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent prosjektarbeid.

Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.

Vurderingsformer

Prosjektarbeid vil telle 20% av endeleg karakter og må være gjennomført.

Skriftleg eksamen 4 timar, vil telle 80% av endeleg karakter og må være bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i reglane ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

I utgangspunktet vil referansegruppe bli brukt årlig.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

energi-siving@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    05.12.2018, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    21.11.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen