Hjem
Utdanning
Masteremne

Energifysikk og -teknologi

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten ei innsikt i fysikken bak ulike energiteknologiar. Studenten skal få innsikt i praktiske system for energiomforming, effektivitet, teknologisk modenskap og moglegheiter for forbetring. Framtidige teknologiar og deira moglegheiter vert òg diskutert. Berekraftig bruk av materialar vert diskutert ut frå perspektivet om redusert energibehov ved produksjon.

Innhald:

I løpet av semesteret vil studenten få ei djupare innsikt i: Utnytting og prosessering av fossilt brennstoff (olje, naturgass og kull), forbrenningas fysikk og kjemi inklusiv dei termodynamiske lover og energikonsept, forureining knyt til forbrenning, forbrenningsmotorar (inklusiv dampturbinar og varmemotorar) saman med moglegheitene for varmegjenvinning, forureininga sin påverknad på miljøet, omforming av lys til elektrisk energi og tilhøyrande solenergi-teknologiar, design og aerodynamikk for vindturbinar, kjernekraft og fysikk for fusjonsreaktorar og forhold knyt til spreiing, og energibehov knytt til produksjon av nye materialar. Felles for temaene er at studenten vil både bli gitt ei utdjupande forklaring av fysikken knytt til systema og forhold som påverkar design, samt status for dagens kunnskap og projeksjonar for mogleg framtidig implementering.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • forstår og kan beskrive fysikken knytt til dei ulike prosessane for energikonvertering.
  • utviser ein utvida kunnskap knytt til ulike tema og utfordringar til alle stadier mellom utvinning og omforming av ulike energiformer
  • utvisar kritisk vurderingsevne og kan forklare sosiale forhold knytt til energiomforming, inklusiv helse- og miljøforhold.

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar prinsippa som ligg til grunn for design av system for energiomforming. Er i stand til, på eit grunnleggjande nivå, å utføre designvurderingar inkludert vurdering av energibruk til produksjon av komponentar
  • kan utføre berekningar av tilgjengeleg eller produsert energi frå eit system under ulike forhold

Generell kompetanse

Studenten

  • kan på ein kritisk og kunnskapsrik måte kommunisere med ingeniørar, teknologar og naturvitare omkring fysikk og design om utstyr knytt til energiomforming.

Krav til forkunnskapar

MAT111 Grunnkurs i matematikk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

KJEM210 Kjemisk termodynamikk/PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk, eller tilsvarande, samt KJEM110 Kjemi og energi, eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

ENERGI220: 5 studiepoeng

ENERGI230: 5 studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet vil bli undervist av spesialistar på de ulike tema. Spesialistane vil komme enten frå akademia eller utanfrå. Normalt vil undervisninga bestå av ein kombinasjon av forelesingar og øvingar ut frå kva den enkelte undervisar finn føremålsteneleg. Typisk vil det på ei veke bli gitt ei dobbel forelesing og ein dobbelttime øving. Øvingane vil innehalde rekneøvingar og diskusjonar knytt til tema som er dekka i forelesingane. For større tema kan det være to dobbelttimar med forelesinger kvar veke, med innebygde rekneøvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske øvingar.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timer. Vanlegvis vil studenten kunne velje eit utval av oppgåvene.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator er tillatt, i samsvar med modeller angjeven i fakultetet si reglesamling.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. I utgangspunktet vil referansegruppe bli brukt årlig.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna som inngår.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar på studieveileder@ift.uib.no.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet v/ Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fysikk og teknologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    24.09.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    10.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted