Hjem
Utdanning
Masteremne

Energisystem og teknologi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeENERGI220
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Emnet vert undervist på norsk viss berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust, første gong hausten 2020

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gje studentane innsikt i ulike teknologiar for bruk av energi til varme, kjøling, elektrisk energi og transportformål. Studentane skal kunne utføre berekningar av verknadsgrader og livssyklusanalysar av energisystem.

Emnet skal utdjupe studenten si forståing for korleis ein kan bruke grunnleggjande fysiske og termodynamiske prinsipp i studiar av omforming og bruk av ulike energiformer.

Innhald:
I emnet vil ein diskutere dei grunnleggjande prinsippa for utnytting av fornybare energikjelder som solenergi, vindenergi, vasskraft, energi frå tidevann og bølgjer, bioenergi og geotermisk energi. Prinsippa for nytting av kjernekraft og fossile energikjelder vert òg diskutert. Problemstillingar knytt til energisystem med høg del av fornybar energi vert diskutert, inklusiv val av energibærer og lagring av energi. I tillegg diskuterer ein ulike sider knytt til optimalisering og livssyklusanalyse av energisystema.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan gjere greie for dei grunnleggjande fysiske og termodynamiske prinsippa som ligg til grunn for omforming av ulike energiformer
  • kan gjere greie for og beskrive utfordringar knytt til energisystem sett saman av ulike energikjelder

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kvantifisere verknadsgrader ved omforming av ulike energiformer.
  • kan utføre livsløpsanalyser knytt til energisystem

Generell kompetanse

Studenten

  • kjenner og kan bruke omgrep som gjer ein i stand til å kommunisere med spesialistar innan dei ulike energiteknologiane
  • kan formidle prinsipp og utfordringar knytt til energiressursar, val av energibærarar og bruk av energi til ikkje-spesialister

Krav til forkunnskapar

Alle obligatoriske emne, eller tilsvarande fram til og med 6. semester må være beståtte.

Studiepoengsreduksjon

ENERGI210: 5 studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til det integrerte masterprogram i energi (sivilingeniør) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

4 forelesingar, 1 øving per veke. Øvingane inkluderer rekneoppgåver knytt til forelesingane og diskusjon av aktuelle tema. Deler av øvingstida vil bli nytta til prosjektarbeid.

I tillegg vil det vere ekskursjonar til energibedrifter og -anlegg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2/3 av øvingane og prosjektarbeidet må vere levert og godkjent for å ta eksamen

Gyldig i to semester: Semesteret det obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + det etterfølgjande semesteret

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar tel 70% og prosjektarbeid tel 30%.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetet si regelsamling.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Referansegrupper vil bli nytta.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna som inngår.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Geofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@gfi.uib.no

Tlf 55 58 26 04