Hjem
Utdanning
Masteremne

Praksisutplassering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeENERGI240
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/engelsk avhengig av utplasseringsstad
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår, vil gå første gong vår 2020

Mål og innhald

Mål:

Praksisopphaldet skal bidra til å knyte saman den faglege kompetansen frå studiet med arbeidsoppgåver hos aktuelle arbeidsgjevarar og samfunnsaktørar. Gjennom observasjon, samarbeid, rettleiing og praktisk øving vil studentane få vite meir om si eiga framtidige yrkesrolle og -relevans.

Innhald:

Studentane deltar i arbeidsoppgåvene i bedrifta eller institusjonen som dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får delta i arbeidsoppgåver som er relevante i forhold til deira faglege kompetanse og i forhold til bedriften eller institusjonen sine behov.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har generell arbeidserfaring og konkret bransjeerfaring
  • har innblikk i arbeidsoppgåvene på praksisplassen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide med observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving av faget
  • kan beskrive korleis ein bedrift organiserer arbeidet
  • kan bruke innlært kunnskap på arbeidsrelevante praktiske oppgåver
  • kan oppsummere eit arbeid i form av ein prosjektrapport

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over forholdet mellom teori og erfaringsbasert læring

Krav til forkunnskapar

Alle obligatoriske emne eller tilsvarande fram til og med 5. semester må vere beståtte.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at studenten er tatt opp på Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

200 timer, der minst 120 timer i utplassering.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 4 påfølgjande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve og presentasjon. Begge deler må vere bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Referansegrupper vil bli nytta årleg.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@gfi.uib.no

Tlf 55 58 26 04