Praksisutplassering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Praksisopphaldet skal bidra til å knyte saman den faglege kompetansen frå studiet med arbeidsoppgåver hos aktuelle arbeidsgjevarar og samfunnsaktørar. Gjennom observasjon, samarbeid, rettleiing og praktisk øving vil studentane få vite meir om si eiga framtidige yrkesrolle og -relevans.

 

Innhald

Studentane deltar i arbeidsoppgåvene i bedrifta eller institusjonen som dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får delta i arbeidsoppgåver som er relevant med tanke på deira faglege kompetanse og for bedriften/institusjonen sine behov.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

  • har generell arbeidserfaring og konkret bransjeerfaring
  • har innblikk i arbeidsoppgåvene på praksisplassen

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide med observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving av faget
  • kan beskrive korleis ein bedrift organiserer arbeidet
  • kan bruke innlært kunnskap på arbeidsrelevante praktiske oppgåver
  • kan oppsummere og presentere arbeidet som er utført i praksisperioden skriftleg og munnleg 

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over forholdet mellom teori og erfaringsbasert læring
  • kan reflektere over si eiga rolle i samhandling og samarbeid med andre i arbeidssamanheng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.
Krav til forkunnskapar
Alle obligatoriske emne eller tilsvarande fram til og med . semester må vere beståtte.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at studenten er tatt opp på Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør).
Arbeids- og undervisningsformer
Praksisopphaldet skal utgjere ca to fulle arbeidsdagar per veke frå begynnelsen av september til slutten av november månad og utgjere minst 200 timar til saman. I tillegg, kjem introduksjonsførelesing, forarbeid, rapportskriving, presentasjon og deltaking på presentasjonsseminar og anna naudsynt arbeid i samband med emnet.
Det vart utarbeida ein skriftleg kontrakt mellom studenten, UiB og praksisstaden, og studentenmå levere timeliste signert av praksisstad og student. Detaljerte retningsliner og fristar vert kunngjort ved oppstart for emnet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Refleksjonsnotat, presentasjon og innlevering av timeliste.
Vurderingsformer

I emnet vert mappevurdering og munnleg presentasjon av det faglege innhaldet i praksisperioden nytta som vurderingsform. Karakterskala som vert nytta er bestått/ikkje bestått.
Mappa baserer seg på følgjande delar:

  • To refleksjonsnotat (kvar med 1-2 vedlagte bilete) undervegs i praksisperioden - i form av blogginnlegg
  • Oppsummerande refleksjonsnotat etter endt praksisperiode
  • Innleverte timelister signert av kontaktperson på praksisstad

Mappeinnhaldeet må vere godkjent innan den munnlege presentasjonen av det faglege innhaldet i praksisperioden vert gjennomført. Mappeinnhaldet og den munnlege presentasjonen vert vekta likt. Begge delar må vere "bestått" for å bestå emnet.

 

Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester
Emnet har vurdering kun i semester med undervisning. Vår 2022 kun for studentar i 6. semester av femårig integrert masterprogram i energi.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Referansegrupper vil bli nytta årleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Geofysisk institutt, har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.