Fluidmekanikk og varmeoverføring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi ei innføring i fluidmekanikk og varmeoverføring. Emnet skal formidle forståing av grunnleggande matematiske modeller, korleis dei vart utleia og korleis dei kan nyttast for å løyse praktiske problem.

Innhald:

Fluidmekanikkdelen omfattar: Fluidstatikk, strøyming av væsker (inkompressibel straum) og gassar (kompressibel straum) gjennom røyrsystem og ulike typar prosessutstyr. Strøyming av væsker og gassar gjennom pakka og fluidiserte sjikt av partiklar av faste stoff. Bernoullis likning. Varmeoverføringsdelen omfattar: Leiings-, konveksjons og strålingsoverføring av varme i væsker, gassar og faste stoff. Dimensjonsanalyse og CFD-modellering (Computational Fluid Dynamics) blir forklart og brukt innanfor både fluidmekanikk og varmeoverføring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Kan definere typiske fenomen i fluidmekanikk og varmeoverføring
  • Kan beskrive prosessar i einfase strøymingsapparatur

 

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar de grunnleggande matematiske modellane i fluidmekanikk og varmeoverføring
  • forklare mikro- og makroskopiske bevegelsesmengdebalansar og bruke dei til å løyse basale problemstillingar
  • kvantifiserer varmeoverføring mellom fluid og faste vegger og i varmevekslarar.

 

Generell kompetanse

Studenten

* Kan anvende grunnleggande matematiske modeller i prosessindustrien

* Kan lage prinsippskisser for apparatur i prosessindustrien

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
PTEK202: 10 studiepoeng
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningarog kollokvier.

Førelesningar / 4 timar pr. veke

Kollokvier / 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
  • Midtvegseksamen (2 timar) utgjør 25% av karakteren.
  • Skriftleg eksamen (4 timar), utgjør 75% av karakteren.
  • I semester kor undervisning ikkje vært gitt gjelder avsluttande eksamen 100%.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.

Tillatte kalkulatormodeller inkluderer: Casio fx-82ES PLUS and Casio fx-82EX

Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.
Administrativt ansvarleg
Institutt for fysikk og teknologi ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.