Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteroppgåve i energi

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeENERGI399
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Dette emnet gir studenten formell opplæring i å implementere sjølvstendig forsking innanfor eit spesialisert forskingsområde, ved bruk av eksperimentelle og/eller teoretiske, numeriske og andre eigna metodar. Gjennom dette studiet skal evna studenten har til kritisk tenking, og ferdigheiter i bruk av vitskapleg metode, og dessutan skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner bli utvikla. Studentane blir oppmoda til aktivt å utvikla temaet til oppgåva i dialog med rettleiar(ar). Alternativt kan temaet for masteroppgåva blir vald frå ei liste foreslått for kvar studiespesialisering, eller frå relevante eksterne institusjonar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • demonstrerer ei solid generell forståing av energi innanfor den valde fordjupinga
  • demonstrerer ei detaljert forståing av aktuell vitskapleg litteratur som er relevant for masterprosjektet til studenten
  • veit korleis ein kan bidra med ny kunnskap til fagfeltet energi ved hjelp av den vitskaplege metoden
  • kjenner dei etiske standardane som er relevante for vitskapleg forskingsarbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å planleggje og gjennomføre eksperimentelt, teoretisk eller numerisk arbeid under rettleiing og i samsvar med etiske retningslinjer for forsking
  • er i stand til å innhenta vitskaplege data, å få eigne resultat frå dataanalyse og å dokumentera utført arbeid
  • kan kritisk vurdera eigne eksperimentelle, teoretiske og numeriske resultat, også i samanheng med det vitskaplege arbeidet til andre

Generell kompetanse

Studenten

  • utviklar evna til kritisk, vitskapleg tenking
  • kan reflektere over verknaden av eige arbeid på arbeidet til andre
  • er i stand til å formidla resultat oppnådde frå eiga forsking både munnleg og skriftleg

Krav til forkunnskapar

Opptak på det toårige masterprogrammet i energi.

Krav til studierett

For å ta emnet krevst opptak på det toårige masterprogrammet i energi ved Geofysisk institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Studentane utfører rettleia vitskapleg forskingsarbeid på det valde temaet, dokumentert i ei skriftleg masteroppgåve. Studentane deltek på vanlege masterseminarmøte der dei presenterer framdriftsrapportar for andre studentar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Studierettleiar ved Geofysisk institutt: energimaster@gfi.uib.no

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Kontakt

Studierettleiar ved Geofysisk institutt: energimaster@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon