Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Introduksjon til engelskstudiet

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

ENG100 består av to delar, ein i lingvistikk og ein i litteratur.

Lingvistikkdelen skal gi grunnleggjande kunnskap om lingvistikk som disiplin, med vekt på tema som gjeld engelsk språk, og som studenten møter i vidare studieløpet. 

Litteraturdelen gir ein introduksjon til og grunnleggjande kunnskap om litterær analyse og tolking gjennom fokus på sjangrar som novelle og poesi, og gir studenten eit grunleggjande omgrepsapparat dei vil bruke seinare i stuidet. 

Målet er at studenten får øving i vesentlege ferdigheiter i form av munnleg og skriftleg akademisk diskusjon om problemstillingar og tekstar innanfor engelsk lingvistikk og litteratur.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte under, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Desse oppnår studenten gjennom sjølvstendig arbeid med pensum, førebuing til førelesningar og seminar, gjennom munnleg deltaking i diskusjonar, og innlevering av obligatoriske skriftelege arbeid.

Kunnskapar

Studenten

- har ei grunnleggjande forståing av lingvistikk som disiplin, og nokre av dei emne som høyrer inn, som til dømes engelsk grammatikk, fonetikk, språkvariasjon- og endring, haldningar til språk, og språkhistorie

- har grunnleggjande kunnskap om verktøy og teknikkar til bruk i omgang med språklege data og lingvistiske kjelder

- har grunnleggjande forståing av eit utval av fundamentale omgrep og/eller metodar innanfor lingvistikk

- har grunnleggjande kunnskap om litterær analyse og fortolking av litteratur i lys av strukturar og verkemiddel som er grunnleggjande for ulike sjangrar

- har grunnleggjande kunnskap om ulike tekstlige mønstre

- har grunnleggjande forståing av at der er ulike tilnærmingar til litterær analyse

- har grunnleggjande forståing for samanhengen mellom litteratur og kultur

- har kunnskap om grunnleggjande litterær terminologi til bruk i kritisk lesing

Ferdigheiter

Studenten

- kan beskrive og oppsummere eit utval av grunnleggjande omgrep eller/og metodar innanfor lingvistikk

- kan identifisere og diskutere ulike typar språkdata

- kan identifisere strukturar i ulike litterære tekstar, òg på ordnivå

- kan formulere problemstillingar i høve til ein litterær tekst

- kan gjenkjenne ulike sjangertrekk i tekstar og diskutere desse med utgangspunkt i et utval sentrale litterære omgrep

Generell kompetanse

Studenten

- har ei grunnleggjande forståing av lingvistikk som disiplin, og grunnleggjande ferdigheiter i bruk av lingvistiske verktøy og teknikkar

- har grunnleggjande kunnskap i litterær analyse og fortolking av litteratur i lys av strukturar og verkemiddel som kjenneteiknar ulike sjangrar

- har eit godt grunnlag for vidare studium i engelsk lingvistikk, litteratur og kultur

- har kunnskap om korleis dei skal unngå plagiat, og korleis dei skal sitere på korrekt akademisk vis

- har grunnleggjande kunnskap om kjeldebruk og søk, inkludert søk i biblioteket sine databasar og andre elektroniske informasjonskjelder

-    Har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving som sjanger, og kan produsere ein tekst som oppfyller språklege og strukturmessige sjangerkrav til akademiske tekstar

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt tilrå at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er obligatorisk for studentar på bachelorprogrammet i engelsk. Emnet er ope for studentar på  årsstudiet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som to forelesingar og fire seminar i kvar av disiplinane, lingvistikk og litteratur. Førelesningane gir ei generell oversikt over ulike tema og emne innanfor lingvistikk, og innanfor litterære omgrep og sjangrar i litteratur. Seminara er studentaktive og har meir spesifikke fokus innanfor dei to disiplinane. 

Forelesing og seminar: til saman opp til 24 timar.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere inn tre korte tekstar på 400 ord (+/- 10 %) i kvar disiplin (tre i litteratur og tre i lingvistikk). Kvar av dei korte tekstane skal ta føre seg ulike tema/spørsmål som blir oppgitt i undervisinga, og ha eigne referanselister.

Utkasta skal leverast inn i Mitt UiB. Alle utkasta må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ei mappe som skal innehalde dei tre reviderte korte tekstane i kvar disiplin: tre innanfor lingvistikk og tre innanfor litteratur. Desse tekstene skal til saman vere på 1200 ord (+/- 10 %) i kvar disiplin, eksklusive referanselister og vedlegg, og blir vekta likt. Ein må få ståkarakter i begge disiplinane for å få ståkarakter i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Karakterskala

Det blir nytta bestått/ikkje bestått. 

Vurderingssemester

Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er eit utval tekstar som gir ei innføring i engelsk lingvistikk og skriving av akademiske tekstar om lingvistiske emne, samt ei innføring i litterær analyse og fortolking av litteratur.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no 

Eksamensadministrasjon: eksamen.if@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    22.11.2022, 13:00
    Trekkfrist
    08.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen