Utvalt emne i engelsk språkstruktur og/eller bruk
- Studiepoeng5
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeENG118
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
5
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust, emnet har undervisning siste gang hausten 2022
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
ENG118 byggjer på ENG114, ENG107 (ENG101).
Emnet ENG118 skal gi studentane kunnskap om og innsikt i utvalgde emne i engelsk språkstruktur og/eller -bruk. Emnet skal òg gi studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap.
Innhaldet i emnet vil variere frå år til år. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå ordbygging (morfologi), setningsbygging (syntaks), skilnadar og likskapar mellom engelsk og norsk, språktileigning, språkbruk (pragmatikk), språkhaldningar (language attitudes), diskurs- og/eller konversasjonsanalyse, mm.
Læringsutbyte
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har detaljert kunnskap om språkstrukturar og/eller -bruk i engelsk
- kan skildre språkstrukturar og/eller -bruk i engelsk på ein presis måte
Ferdigheiter
Studenten
- har ei god forståing av- og kan meistre eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat
Generell kompetanse
Studenten
- har nok kompetanse til å kunne vidareutvikle sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av lingvistikk på 200-nivå
- kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100, EXFAC00SK Språkkunnskap, ENG114 og ENG115, eller har tilsvarande kunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ENG118 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med ENG106, ENG106L, ENG111 eller ENG112.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
For exchange students:Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesing: opp til 24 timar
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er ingen obligatoriske oppgåver, men det blir gitt ei øvingsoppgåve, og ein vil sterkt rå til at studentane leverer inn denne.
Vurderingsformer
Eksamen er ein tre timars skoleeksamen
Skoleeksamen kan bli digital.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Det er vurdering i begge semester. Eksamen i dette emnet blir arrangert for siste gang hausten 2023. Ta kontakt med studierettleiar.if@uib.no om du har spørsmål.
Litteraturliste
Pensum omfattar ei innføring og/eller innførande tekstar om språkvariasjon i engelsk.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen
- Dato
- 17.10.2023, 09:00
- Varigheit
- 3 timer
- Trekkfrist
- 03.10.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen