Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Amerikansk litteratur og kultur

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei allmenn historisk innføring i amerikansk litteratur, kultur, og samfunnsutvikling.

Studiet har som mål å gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og dessutan forståing av grunnleggjande premissar for utviklinga av litteraturen slik den speglar samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk.

Studentane skal utvikle evne til sjølvstendig vurdering av og reflekterande haldning til pensumtekstane. Kurset gir ei innføring i tekstanalyse i dei litterære hovudmodusane prosa, drama og lyrikk, og utvilka evna til å ta for seg både formelle og tematiske trekk i litteraturen. Gjennom tolking og analyse av ei rekkje litterære verk vil det òg bli gitt ei forståing av dei viktigaste epokane og utviklingstrekka innanfor amerikansk litteratur og kultur. Verka blir tolka med omsyn til viktige trekk av si tids samfunnstilhøve og politiske kontekst.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har ei grunnleggjande forståing av amerikansk litteratur og kultur i ein historisk kontekst

- har utvikla evna til sjølvstendig kritisk lesing av primærtekstar, grunna i teoretiske metodar for analyse av litterære og ikkje-litterære tekstar

- har ei forståing av tilhøvet mellom primærtekstane og dei større historiske, sosiale og politiske rammene dei høyrer til og er i dialog med

- har ei forståing av det som karakteriserer dei ulike litterære sjangrane studiet omfattar, så som roman, novelle, dikt, skodespel og ikkje-skjønnlitterære tekstar

Ferdigheiter

Studenten

- kan skrive godt strukturerte essay som diskuterer tekstar frå eit litteratur- og kulturteoretisk perspektiv.

Generell kompetanse

Studenten

- kan uttrykkje seg akademisk på skriftleg og munnleg engelsk.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språkkunnskap.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ENG122 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med ENG122L.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students:

Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing og seminar: opp til 72 timar.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på seminara. Studentane må vere til stades på minst 80% av seminarundervisninga.

Studentane får og høve til å levere inn ei oppgåve på 1500 ord, og få rettleiing på denne. Rettleiinga blir gitt i tilknyting til seminarundervisninga. Studentane vel tema for oppgåva ut frå utarbeidde oppgåvealternativ.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er ein 5 timars skoleeksamen, der studenten blir prøva i heile pensumet.

Skoleeksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan bruke eittspråkleg (engelsk-engelsk) ordbok på skoleeksamen. Instituttet gir nærare opplysning om kva for ordbøker som er godkjende.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

Pensum omfattar litterære periodar, historiske hendingar og representative tekstar innan skjønnlitteratur og sakprosa frå 1600-talet. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    27.11.2019, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    13.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen