Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Britisk litteratur og kultur

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studiet har som mål å gi studentane auka innsikt i og kunnskap om britisk litteratur og kultur, og gjere dei i stand til å uttrykkje seg klårt og presist om litterære og kulturelle spørsmål, både skriftleg og munnleg.

Studentane skal utvikle evne til sjølvstendig vurdering av og reflekterande haldning til pensumtekstane. Kurset gir ei innføring i tekstanalyse i dei litterære hovudmodusane prosa, drama og lyrikk. Vidare blir evna til å ta for seg både formelle og tematiske trekk oppøvd. Gjennom tolking og analyse av ei rekke litterære verk, vil det òg bli gitt ei forståing av dei viktigaste epokane og utviklingstrekka innanfor britisk litteratur. Verka og epokane blir tolka med omsyn til viktige trekk av si tids samfunnstilhøve og politiske kontekst.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har eit kritisk vokabular i tråd med disiplinen, og demonstrerer, både skriftleg og munnleg, ei forståing av dei grunnleggjande konseptuelle og teoretiske metodane som blir brukt i kritisk lesing av litterære tekstar

- har ei forståing av skilnadene mellom dei ulike litterære formene, som drama, poesi og prosa, og dei ulike sjangrane innanfor desse igjen, slik dei blir handsama i kurset

- har ei forståing av tilhøvet mellom litterære tekstar og dei større politiske og historiske rammene dei høyrer til og som dei er i dialog med.

Ferdigheiter

Studenten

- kan demonstrere punkta over i tydeleg uttrykte, korrekt formulerte og strukturerte essay.

Generell kompetanse

Studenten

- kan gi sjølvstendig og kreativ respons på ulike litterære arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages. Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språk og kommunikasjon.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ENG125 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med ENG123 eller ENG124.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing og seminar: opp til 72 timar.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på seminara. Studentane må vere til stades på minst 80% av seminarundervisninga.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over oppgitt tema. Heimeeksamen skal vere på mellom 2500 og 2800 ord, og skal leverast elektronisk.

Studentar som ikkje har oppfylt dei obligatoriske arbeidskrava, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Emnet gjer bruk av eit utval representative tekstar, forfattarar og retningar innanfor britisk litteratur (poesi, prosa og drama). Tekstane blir både sett i lys av grunnleggjande litteraturteoretiske problem og

sosiale, politiske og kulturelle tilhøve, som òg blir dekt av relevant pensum.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    08.05.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    15.05.2019, 13:00
    Trekkfrist
    24.04.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen