Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Engelsk lingvistikk: språkhistorie

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeENG221L
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i viktige aspekt ved den historiske utviklinga av engelsk. Kurset kan ta opp fleire av stadia i denne utviklinga eller konsentrere seg om ein periode. Dessuten kan kurset omfatte språkeksterne såvel som språkinterne tilhøve, og ta for seg trekk ved ord- og setningsstruktur, uttale, vokabular og staving. Normalt vil det òg omfatte studium av primærtekstar frå tidlegare stadium av språket i tillegg til teoretisk litteratur. 

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

- har utvida kunnskap om engelsk språk i eit historisk perspektiv

- har innsikt i prinsippa for språkendring generelt og kunnskap om endring i engelsk spesielt

Ferdigheiter

Studenten

- kan greie ut om og analysere engelsk språk i lys av historisk utvikling

Generell kompetanse

Studenten

- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar

- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

Krav til forkunnskapar

Det er ingen formelle krav til forkunnskapar, men pensumet og undervisninga har likevel som føresetnad at studentane har solide kunnskapar i engelsk grammatikk og fonetikk, som svarar til gode resultat frå emna ENG114, ENG115 og ENG107.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG122, ENG125 eller tilsvarande. Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språkkunnskap, ENG100, ENG114, ENG115 og ENG107 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ENG221L redusert 5 studiepoeng om det blir kombinert med ENG221, ENG201, ENG211 og ENG251. Ein kan ikkje få uttelling for både ENG221 og ENG261.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til lektorutdanninga i framandspråk ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske krav, men det blir gitt ei skriftleg oppgåve og ein vil rå til at studentane gjer oppgåva.

Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg tre timars skoleeksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemidler er tilatne ved skuleeksamen

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det blir arrangert eksamen i ENG221L kvart semester. Ordinær eksamen på slutten av undervisningssemesteret og utsatt eksamen midt i det følgjande semesteret.

Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i engelsk språkhistorie og primærtekstar. Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no