Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG223 (skoleeksamen) eller ENG263 (semesteroppgåve).

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentene til lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg perspektiv.

ENG223 er eit valgfritt emne i spesialiseringa i engelsk på 200-nivå. Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG223

- ENG261 (semesteroppgåve i språkhistorie)og

- eit emne i engelsk litteratur og kultur, anten ENG222 eller ENG224.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har utvikla analytiske ferdigheiter og ei vitskapleg haldning til språket

- har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar

Ferdigheiter

Studenten

- kan bruke lingvistiske metodar til å kaste lys over aspekt ved det engelske språket

Generell kompetanse

Studenten

- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar

- kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk

Krav til forkunnskapar

Det er ingen formelle krav til forkunnskapar, men pensumet og undervisninga har likevel som føresetnad at studentane har solide kunnskapar i engelsk grammatikk og fonetikk, som svarar til gode resultat frå emna ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/118 og ENG109/119.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/ENG118, ENG109/ENG119, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.

Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språkkunnskap, ENG100, ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/ENG118 og ENG109/ENG119 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ENG223 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med ENG223L og 5 studiepoeng om det blir kombinert med ENG211 og ENG251. Ein kan ikkje få uttelling for både ENG223 og ENG263.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen

For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske krav, men det blir gitt ei skriftleg oppgåve og ein vil råa til at studentane gjer oppgåva. 

Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved skoleeksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggjande emne i moderne engelsk lingvistikk.

Litteraturlista vil vere klar innan 1.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    08.10.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    24.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted