Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Engelskspråkleg litteratur og kultur

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

I engelskspråkleg litteratur og kultur på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG224 (skoleeksamen) eller ENG264 (semesteroppgåve).

Emnet gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.

Studiet skal gi utvida kunnskap om litteraturen og/eller kulturen i engelskspråklege land, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjere studentane gode i skriftleg og munnleg engelsk.

Studentar med spesialisering i litteratur tek i tillegg til ENG224

- ENG262 (semesteroppgåve i engelskspråkleg litteratur og kultur) og

- eit av lingvistikkemna ENG221 eller ENG223.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og/eller kulturen studiet fokuserer på

- har ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur generelt

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å reflektere kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser

Generell kompetanse

Studenten

- kan uttrykkje seg akademisk korrekt på skriftleg ogmunnleg engelsk

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språkkunnskap. Dessutan bør dei ha fullført ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/118, ENG109/119, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.

For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlap kan ein ikkje få utelling for både ENG224 og ENG264.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan bruke eittspråkleg (engelsk-engelsk) ordbok på skoleeksamen. Instituttet gir nærare opplysning om kva for ordbøker som er godkjende.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

Pensumet kan omfatte litterære tekstar, sakprosatekstar og teoretiske tekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    23.09.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    09.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted