Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Semesteroppgåve i engelskspråkleg litteratur og kultur

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

I engelskspråkleg litteratur og kultur på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG222 (skoleeksamen) eller ENG262 (semesteroppgåve).

Emnet gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.

Studiet skal gi utvida kunnskap om litteratur og/eller kultur. Arbeidet med semesteroppgåva skal øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjere studentane gode i skriftleg og munnleg engelsk.

Studentar med spesialisering i litteratur tek i tillegg til ENG262

- ENG224 (Engelskspråkleg litteratur og kultur) og

- eit av lingvistikkemna ENG221 eller ENG223.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og/eller kulturen studiet fokuserer på

- har ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur generelt

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å reflektere kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser

Generell kompetanse

Studenten

- kan uttrykkje seg akademisk korrekt på skriftleg ogmunnleg engelsk

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar. 

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språkkunnskap. Dessutan bør dei ha fullført ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/118, ENG109/119, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.

For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages..

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlap kan ein ikkje få utelling for både ENG222 og ENG262.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Minimum to rettleiingsmøte er obligatoriske. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene misser retten til å ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 4500 ord (±10%), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. Ved eksamen i påføljande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige t.o.m. eitt semester etter undervisningssemesteret.

I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i den rettleidde semesteroppgåva. Oppgåva må vere godkjent før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter.

Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel semesteroppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet.

Semesteroppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester. Ved eksamen utanfor undervisningssemesteret leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.

Litteraturliste

Pensumet kan omfatte litterære tekstar, sakprosatekstar og teoretiske tekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    12.09.2019
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      26.09.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen