Masteremne i engelskspråklig litteratur/kultur III
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeENG333
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Main content
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.
ENG333 er eit spesialisert studium, normalt i eit tema innanfor amerikansk, britisk eller verdslitteratur på engelsk. Innhaldet i emnet vil variera frå år til år. Tekst til faget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.
Læringsutbyte
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har utvikla vidare kjennskap til disiplinen generelt
- har tileigna seg spesialisert kunnskap om temaet emnet omhandlar
- har fått kjennskap til nyare forsking på det aktuelle feltet emnet omhandlar
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur frå ein kritisk og teoretisk ståstad, og med ei analytisk tilnærming
Generell kompetanse
Studenten
- er i stand til å arbeide med særlege teoretiske/metodiske problemstillingar over ei visstid
- har vidareutvikla evna til å uttrykkje akademiske idéar på skriftleg og munnleg engelsk
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar: opp til 16 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til fire timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Hjelpemiddel til eksamen
Våren 2021 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Det er vurdering i begge semester.
Litteraturliste
Pensum i emnet er sett saman av opptil 700 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 6-8 verk. Teoritekstar høyrer med. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime
- Dato
- 03.03.2021, 09:00
- Varigheit
- 5 timer
- Trekkfrist
- 17.02.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen