Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteremne i engelsk lingvistikk I

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Haust 

Mål og innhald

ENG339 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå år til år. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, teoretisk lingvistikk, historisk lingvistikk, eller kombinasjonar av desse.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten
- har god innsikt i teoretiske og metodiske innfallsvinklar for det feltet som har blitt gjennomgått og kjennskap til nyare forsking innanfor dette feltet

Ferdigheiter
Studenten
- er i stand til å nytte sine kunnskapar og ferdigheter i undervisning, formidling og/eller informasjon
- har ei særs god evne til å uttrykkje akademiske idéar på skriftleg og munnleg engelsk

Generell kompetanse
Studenten
- er i stand til å halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk. 

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved

semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Ingen

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til fire timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Våren 2021 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 750 sider lingvistisk faglitteratur og/eller primærtekstar. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur og handbøker.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.  

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    04.03.2021, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    18.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen