Hjem
Studentsider
Masteremne

Førebuing til masteroppgåveskriving i engelsk litteratur og kultur

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette kurset førebur studenten til å skrive ei masteroppgåve i engelsk litteratur og kultur ved å gje studenten kjennskap til sentrale forskningsmetodar i litterære studiar. Dette inkluderar det å finne og evaluere kjeldemateriale, kjenne til kriteria for argumentativ og kritisk skriving, forsking, forskingsetikk, teori og meode, samt utvikle ei problemstilling for å skrive ei endeleg prosjektskildring for masteroppgåva.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale metodar og praksis som inngår i arbeidet med å skrive ei masteroppgåve.

Ferdigheiter

Studenten

  • veit korleis man undersøker og evaluerer essensielle krav til, mål og vilkår for, litterære studiar.

Generell kompetanse

Studenten

  • veit korleis man planlegg eit større forskingsprosjek og korleis ein arbeider for å utføre dette.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på minst seks av seminara, inkludert obligatorisk oppmøte på siste seminar i seminarrekkja (presentasjon av prosjektskisser). Dette emnet er obligatoriske for studentar på masterprogrammet i engelsk som ønskjer å skrive masteroppgåve innanfor engelskspråkleg litteratur. Emnet er ikkje obligatorisk for studentar på integrert lektorutdanning med master i framandspråk.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering som skal innehalde endelege versjonar av fire oppgåver, der ein av desse er den endelege prosjektskissa for masteroppgåva.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Alle oppgåvene i mappa må vere bestått for å få endeleg karakter i emnet.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    23.09.2022, 13:00
    Trekkfrist
    09.09.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen