Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i engelsk lingvistikk II

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

ENG341 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå år til år. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, teoretisk lingvistikk, historisk lingvistikk, eller kombinasjonar av desse. 

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten
- har god innsikt i teoretiske og metodiske innfallsvinklar for det feltet som har blitt gjennomgått og kjennskap til nyare forsking innanfor dette feltet

Ferdigheiter
Studenten
- er i stand til å nytte sine kunnskapar og ferdigheiter i undervisning, formidling og/eller informasjon
- har ei særs god evne til å uttrykkje akademiske idéar på skriftleg og munnleg engelsk

Generell kompetanse
Studenten
- er i stand til å halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk. 

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på 4000 ord (±10%) (eksklusive litteraturliste osb.). Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, ei omarbeidd semesteroppgåve utan vidare rettleiing.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 750 sider lingvistisk faglitteratur og/eller primærtekstar. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur og handbøker.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikrigssystem.  

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    05.03.2019, 13:00
    Trekkfrist
    19.02.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen