Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteremne i engelsk lingvistikk IV

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Vår 

Mål og innhald

ENG345er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå år til år. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, teoretisk lingvistikk, historisk lingvistikk, eller kombinasjonar av desse. 

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har god innsikt i teoretiske og metodiske innfallsvinklar for det feltet som har blitt gjennomgått og kjennskap til nyare forsking innanfor dette feltet

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å nytte sine kunnskapar og ferdigheiter i undervisning, formidling og/eller informasjon

- har ei særs god evne til å uttrykke akademiske idéar på skriftleg og munnleg engelsk

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk. 

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Eksamen er ein heimeeksamen over sju dagar.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 750 sider lingvistisk faglitteratur og/eller primærtekstar. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur og handbøker.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikrigssystem.  

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    16.09.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen