Masteremne i engelsk lingvistikk V

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

ENG347 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, teoretisk lingvistikk, historisk lingvistikk, eller kombinasjonar av desse.

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har god innsikt i teoretiske og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått og kjennskap til nyare forsking innanfor dette feltet

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å anvende sine kunnskaper og ferdigheter i undervisning, formidling og/eller informasjon

- har vidareutvikla evna til å uttrykke akademiske idéar på skriftlig og munnleg engelsk

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (ikkje tilbode våren 2022)

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 4000 ord (eksklusive litteraturliste osv.). Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, ei omarbeidd semesteroppgåve utan vidare rettleiing.

Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Det er og vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. Det er anbefalt at studentar fullfører vurdering i det same semesteret dei følger undervisning.
Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 750 sider lingvistisk faglitteratur. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur og handbøker.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje akktuelt
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.