Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Engelsk 1a: Utvikling av språkleg og kommunikativ kompetanse

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeENG621
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk 
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen og nettbasert undervisning.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studenten kunnskap om og forståing av engelsk som språksystem. Emnet skal også formidle innsikt i og forståing for sentrale aspekt av engelsk som undervisningsfag, slik at studenten både kan arbeide målretta med å styrkje eigen kompetanse i engelsk og fremje elevar si utvikling av kommunikativ kompetanse og tekstkompetanse i faget. God engelskundervisning krev fagleg trygge og reflekterte lærarar, som kan bruke forskingsbasert kunnskap til å utforske og utvikle eigen praksis. Emnet er relevant for lærarar både i ungdomsskolen og vidaregåande skole.

Innhald:

Emnet tar opp tema som

Kommunikasjon

¿ Utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i engelskfaget

¿ Kommunikativ kompetanse

¿ Forholdet mellom språk og kultur

Språklæring

¿ Eiga språkutvikling

¿ Oppbygging av språket: fonetikk, fonologi, syntaks

Møte med engelskspråklege tekstar

¿ Grunnleggjande multimodal literacy 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  •  kjenner til sentrale teoriar om kommunikasjon, språklæring og danning med relevans for engelskfaget
  • har kunnskap om innhald og mål for engelskfaget og kjennskap til sentrale styringsdokument for faget
  •  kan beskrive det engelske lydsystemet ¿ kan beskrive dei engelske intonasjonsmønstra og deira funksjonar
  • kan beskrive og forklare (hovud)forskjellane mellom det engelske og det norske lydsystemet, og mellom dei engelske og norske intonasjonsmønstra
  • kan definere og anvende sentrale begrep i fonetikk og fonologi
  •  kan beskrive det engelske ordklassesystemet
  • kan beskrive og forklare kriteria for inndeling av ordforrådet i ordklassar
  •  kan beskrive (hovud)forskjellane mellom det engelske og det norske ordklassesystemet
  •  kan beskrive og analysere syntaktiske strukturar på frase- og setningsnivå
  • kan beskrive (hovud)forskjellane mellom engelsk og norsk syntaks
  • kan definere og anvende sentrale omgrep i syntaks

 Ferdigheiter

Studenten

  • kan ta i bruk forskingsbaserte strategiar for språklæring og kommunikasjon for å utvikle eigen kompetanse i engelskfaget
  • kan undervise og rettleie elevar i bruk av språklærings- og kommunikasjonsstrategiar i engelskfaget
  • kan utvikle eigne undervisningsopplegg og kritisk drøfte og evaluere eigne og andre sine undervisningsopplegg i engelskfaget
  • kan reflektere rundt eigen læringsprosess og eiga utvikling av språkleg, kommunikativ og didaktisk kompetanse i engelskfaget
  • kan undersøkje transfer mellom morsmålet og målspråket
  • kan evaluere sin eigen og elevane sin fonologiske kompetanse
  •  kan analysere autentiske setningar i engelsk, både som morsmål og målspråk
  • kan evaluere sin eigen og elevane sin syntaktiske kompetanse

Generell kompetanse

Studenten

¿ kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk om tema som tilhøyrer emnet

¿ kan ta i bruk ulike digitale verktøy til undervisnings- og kommunikasjonsføremål

¿ kan anvende tileigna kunnskap og ferdigheiter på nye område, f.eks. forholdet mellom fonologi og ortografi

¿ kan anvende tileigna kunnskap og ferdigheiter på nye område, f.eks. syntaktiske strukturar i tekstproduksjon 

Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden. Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava.

Tilrådde forkunnskapar

All undervisning skjer på engelsk og føreset gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet har tre fysiske samlingar à to vekedagar, fordelt utover semesteret. I tillegg arbeider studentane individuelt med nettbaserte læringsressursar som til dømes videoar, podkast og liknande, og med nettbasert refleksjons- og erfaringsdeling med medstudentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å vere til stades på minst 80% av dei tre samlingane og nettbaserte undervisningsaktivitetar. Emnet har to obligatoriske oppgåver: ¿ Omvendt undervisning (flipped classroom) der kvar student spelar inn ein video i Kaltura. Videoen vil inngå som del av vurderingsmappa. ¿ Gje tilbakemelding til medstudent på bakgrunn av videoen. Zoom vert nytta. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsmappe der tre arbeid inngår:

¿ Innspelt video i Kaltura etter prinsipp om omvendt undervisning.

¿ Skriftleg tekst knytt til feilanalyse.

¿ Skriftleg tekst knytt til utprøving i klasserommet.

Dei skriftlege tekstane skal vere på 3000 ord til saman, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Det vert sett éin felles karakter på mappa på slutten av semesteret. Kvar av delane i mappa tel like mykje i utrekninga av karakteren. 

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt. 

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. 

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen.if@uib.no