Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Engelsk 1b: Utvikling av tekstkompetanse i engelskfaget

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeENG622
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen og nettbasert undervisning.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å utvikle innsikt i engelskfaget sitt kultur- og danningspotensial og formidle forståing for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Emnet skal også gje innsikt i teoriar om tekst, kommunikasjon, kultur og språklæring slik at studentane vil kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i engelsk. Emnet er relevant for lærarar både i ungdomsskolen og vidaregåande skole.

Innhald:

Emnet tar opp tema som

Kommunikasjon

¿ Tekstkompetanse

¿ Utvikling av eigne og elevar sine kommunikasjonsstrategier (lese-, lytte-, samhandlings- og tekstskapingsstrategiar) 

Språklæring

¿ Forsking på språklæring

¿ Utvikling av språklæringsstrategiar gjennom møtet med engelskspråklege tekstar

Møte med engelskspråklege tekstar

¿ Kulturen og skjønnlitteraturen si rolle i engelskfaget i eit historisk perspektiv

¿ Grunnleggjande litterær analyse

¿ Ungdomslitteratur

¿ Multimodale tekstar (graphic novels, film, videospel)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

¿ har auka sin kommunikative kompetanse i engelsk for å kunne rettleie skoleelevar i det å forstå og sjølv bli forstått skriftleg, munnleg og multimodalt, gjennom ei utforskande tilnærming til språket

¿ har opparbeida god kjennskap til ulike teoriar om språklæring, for å leggje til rette for elevar sin refleksjon rundt eiga språklæring

¿ har innsikt i kulturen og skjønnlitteraturen si rolle i engelskfaget i eit historisk og samtidsperspektiv

¿ har gjennom møter med eit bredt spekter av tekstar fått innsikt i forholdet mellom språk og kultur, med særleg fokus på ungdomslitteratur

Ferdigheiter

Studenten

¿ kan ta i bruk forskingsbaserte strategiar for språklæring og kommunikasjon for å utvikle eigen kompetanse i engelskfaget

¿ har utvikla sin språklege og kommunikative kompetanse gjennom presentasjonar, tekstproduksjon og deltaking i diskusjonar, i ulike kommunikasjonskanalar og samanhengar, og til ulike målgrupper.

¿ har utvikla strategiar for å fremje eiga språklæring, og utforska tilnærmingar til språklæring gjennom møter med engelskspråklege tekstar i eige klasserom.

¿ har lært grunnleggjande litterær analyse og utvikla multimodal leseferdigheit

¿ kan utvikle eigne undervisningsopplegg og kritisk drøfte og evaluere eigne og andre sine undervisningsopplegg i engelskfaget

Generell kompetanse

Studenten

¿ har innsikt i engelskfaget sitt kultur- og danningspotensial så vel som i teoriar om tekst, kommunikasjon, kultur og språklæring

¿ kan planleggje og gjennomføre relevant undervisning som fremjar elevane si læring gjennom bruk av litterære tekstar og andre kulturuttrykk 

Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden. Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava. 

Tilrådde forkunnskapar

All undervisning skjer på engelsk og føreset gode engelskkunnskapar. 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet har tre fysiske samlingar à to vekedagar, fordelt utover semesteret. I tillegg arbeider studentane individuelt med nettbaserte læringsressursar som til dømes videoar, podkast og liknande, og med nettbasert refleksjons- og erfaringsdeling med medstudentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å vere til stades på minst 80% av dei tre samlingane og nettbaserte undervisningsaktivitetar.

Emnet har to obligatoriske aktivitetar:

¿ Podkast med gruppediskusjon om didaktiske moglegheiter og utfordringar, med basis i studentane sine erfaringar frå eigen undervisningspraksis. Godkjent/ikkje godkjent.

¿ Førsteutkast til semesteroppgåva som vert kort presentert, med medstudent som peer reviewer. Godkjent/ikkje godkjent.

I tillegg pliktar studenten å møte til rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter. 

Vurderingsformer

Ei rettleidd semesteroppgåve på 4000 ord (tilsvarande ca 12 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Ved eksamen i det følgjande semesteret leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt. 

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. 

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad. Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet. 

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen.if@uib.no